Klokka 07:45 var Knarvik-russen allereie klar med grill, grillmat, drikke og dekka langbord i rundkøyringa i Knarvik. Rundt bordet sat mellom anna Tormod Hugaas (18) og Siren Jordal (18).
– Vi tar no to russeknutar samtidig. Både «å grille i ei rundkøyring» og «å ete frukost i ei rundkøyring». Eg er ikkje heilt sikker på kva eg får på russehua for desse knutane. For den eine trur eg me får ein plastgaffel, fortel Tormod, samtidig som bilar, bussar og lastebilar køyrer rundt dei og tutar og vinkar.
Mange kjekke knutar
Russetida er i full gang over heile landet. Knarvik-russen markerte tidlegare i veka russetida med å sitte klar i rundkøyringa i Knarvik. Her køyrer alle skuleelvane på Knarvik forbi og får vinka og helsa på russen tidleg på morgonen. Nh Ung slo av ein prat med nokon av russane under frukosten i rundkøyringa. Temaet «russeknutar» blei fort ein sentral del av samtalen.

Knarvik-russ tar avstand frå vill pengebruk og ukultur
– Eg har vel tatt omkring ti russeknutar så langt. Eg har lyst til å prøva å ta rundt 30–40 knutar. Den morosamaste eg har gjort så langt er at eg har kyssa ein politimann på kinnet, eller der me skulle eta ein meny på McDonald’s på under fem minutt, fortel Siren.
Kvar år kjem Knarvik VGS og andre vidaregåande skular ut med rundt 100–120 russeknutar til den ferske russen det året. Dei fleste skulane har i hovudsak same knutar, berre med ein eigen spinn på dei. Tormod og Siren synest knutane er morosame, sjølv om ikkje alle er like kjekke.
– Dryge og unødvendige
– Det å feire bursdagen til ein lærar er ein morosam russeknute me har lyst til å ta. Me har allereie ein lærar i siktet. Dei dumme russeknutane er alle med fyll og sex og sånt. Eg synest personleg dei er litt unødvendige. Det er ganske få som tar dei knutane, fortel Tormod.
Siren seier seg også einig. Ho fortel at ho synest det er ein del som er litt dryge. Bland anna meiner ho at det å skulle kyssa med ein medruss sin forelder ikkje er innanfor.
– Alle russeknutar må jo utførast med to medruss som vitne. Dette gjer dei fleste knutar som har med sex og sånt ganske dryge.

16 år gammal blei Amalie mamma
Fokuserer på det positive
Tormod og Siren har vald å fokusere på den positive sida med russeknutane. Dei synest knutane som «å følga etter ein person i 15 minutt» eller det å grilla i rundkøyringa, er kjekke knutar.
– Det er kjekt å kunne setta i gong sånne aktivitetar som dette. Me får eit betre fellesskap med dei andre russane. Det er heller ikkje vanskeleg å setta i gong sånne ting som dette. Folk er ganske lett å be og vi kosar oss mykje. Sjølv om vi står opp tidleg så byrjar vi seint på skulen i dag, så vi kan kose oss lenge, seier Tormod.
Fellesskapen betyr mest
Dei er begge einige i at det kjekkaste med russetida er fellesskapet. At folk blir meir sosiale. Dei synest det er kjekt når det ikkje lengre berre er ein fest, men ein russefest. Det er fint å høyre til ein fellesskap, synest dei begge.

– Eg vil ha ei feiring der ingen treng å vere redde