Revolusjonerande teknologi

FORSKAR FRÅ MYKING: Bjørn-Ove Fimland på MBE lab, der det nye halvleiar hybridmaterialet vert laga. (Foto: Karianne Fimland)

FORSKAR FRÅ MYKING: Bjørn-Ove Fimland på MBE lab, der det nye halvleiar hybridmaterialet vert laga. (Foto: Karianne Fimland)

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Forskaren Bjørn-Ove Fimland frå Myking har saman med Helge Weman og Dong-Chul Kim laga halvleiarar på materialet grafén. Dette kan vera starten på ein revolusjon i elektronikkbransjen.

DEL

Bjørn-Ove Fimland, som er oppvaksen på Myking, flytta til Trondheim for å studera fysikk på NTNU som 19-åring. I 2000 vart han professor ved NTNU, noko som inneber å vera både førelesar og forskar, samt ein del administrativt arbeid. Då han i 2010, saman med kollega Helge Weman og koreanaren Dong-Chul Kim, utvikla ein metode for å produsera halvleiarar på grafén, forstod dei at dei stod framfor ein revolusjon i produksjon av solceller og LED-komponentar.

– Vi er dei første som har vist at det går an å laga eit slik materiale, seier Fimland.

Saman med NTNU Technology Transfer AS og CoFounder AS, oppretta dei tre eit selskap i juni, som dei har vald å kalla CrayoNano AS

– CrayoNano AS sit på dei kommersielle rettigheitene til teknologien, og vil no jobba for å videreutvikla det nye materialsystemet i samarbeid med internasjonale industripartnarar, seier Fimland.

Artikkel i Nano Letters

Fimland har saman med dei to andre i forskargruppa, jobba med det nye hybridmaterialet sidan 2010, og fekk i sommar publisert oppfinninga i den amerikanske vitenskapsjournalen Nano Letters.

– Det er stort, for dei er eit av dei leiande tidsskrifta innan fagfeltet, fortel han.

Dei tre forskarane søkte patent i desember 2010, tre månader etter at dei klarte å gro halvleiar-nanotrådar på grafén for første gong.

– Gjennombruddet skjedde faktisk på 100-årsjubileet til NTNU, men sidan ein må halda slikt hemmeleg heilt fram til patentkontoret offentliggjer søknaden, kunne vi ikkje seia noko til ei levande sjel. Men vi festa litt ekstra den kvelden, ler Fimland, som fortel at dei var ganske sprekkferdege rett før saka vart offentleg.

Enormt potensiale

På spørsmålet om dei no vert rik, svarar forskaren roleg.

– Tja, det kan ta si tid. Det er klart framtida ser lys ut, men vi held beina godt planta på jorda. Det er enda mykje jobb som skal gjerast, men potensialet er enormt stort, avsluttar Fimland.

Artikkeltags