Regnet blir verre i kveld

Nedbøren ser ikkje ut til å dra sin veg.

Nedbøren ser ikkje ut til å dra sin veg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Men endeleg snakkar meteorologen om ein sommardag igen.

DEL

Då underteikna journalist gjekk frå bilen til kontoret søndag morgon, vart paraplyen rive i sundt av vinden.

Men om du vakna i dag og tenkte at lufteturen får venta til i kveld, har meteorologen dårleg nytt.

– Det fortset omtrent i same stil som no, før det kan auka på litt i kveld, seier vakthavande meteorolog Anders Sivle.

Han ventar at det vil koma mellom 30 og 40 millimeter nedbør innan det blir ny veke. Vinden skal òg blåsa jamt heile dagen.

Meir nedbør måndag

Men vinden vil i det minste gje seg gradvis når søndag blir til måndag. Sjølv om regnet ser ut til å halda fram.

– Det kan bli forbigåande lettare vêr i natt og i morgontidleg, før det kjem inn eit nytt nedbørsområde frå sør. Det blir ikkje like intenst som i dag, men det blir grått og regn frå i morgon ettermiddag, meldar Sivle.

Vinden skal likevel halda seg ein del rolegare enn i dag, så det er håp om at paraplyen overlever.

Temperaturane held seg stabilt rundt det dei har vore i det siste, og vêret fortsett òg i same stil vidare i veka.

– Tysdag ser ganske grå ut, seier meteorologen.

Lys i tunnelen

Men for fyrste gong på ei stund svarar ikkje meteorologen at alt er grått, vått og skiftande så langt meldinga rekker.

– Prognosane har vore litt fram og tilbake, men vi har hatt ein indikasjon på at det kan koma ein til to dagar med fint vêr denne veka.

Det er det mest optimistiske underteikna har høyrt frå ein meteorolog på over ei veke, og på spørsmål om dette er å gripa etter halmstrå, svarar meteorologen at det faktisk kan koma ein eller to fine dagar, det er berre usikkert når den eller dei kjem.

– Tidlegare i veka såg det ut som om det kunne bli tysdag, så såg det ut som om det kunne bli torsdag og fredag, og no ser det ut som om det kan bli onsdag og torsdag.

Kva betyr eigentleg «ein fin dag"?

– Det betyr kanskje 20 til 21 gradar med sol frå lettskya eller delvis skya himmel, men det er frykteleg vanskeleg å gå i detalj om sommarvêret.

Artikkeltags