Regjeringa lovar Nyborgtunnel

STOR TRAFIKK: Trafikken over Nordhordlandsbrua held fram med å veksa. Men det er ingen planar om å korkje utvida brua eller å ta i bruk det tredje feltet som ligg der, per i dag.

STOR TRAFIKK: Trafikken over Nordhordlandsbrua held fram med å veksa. Men det er ingen planar om å korkje utvida brua eller å ta i bruk det tredje feltet som ligg der, per i dag. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Men legg ikkje ved pengar til å betala den.

DEL

I sitt framelgg til Nasjonal transportplan (NTP) skriv regjeringa at hovudsatsinga på E39 i dei komande ti åra er på strekningar mellom fjordkryssingane. Viktige strekningar mellom Stavanger og Bergensregionen vert bygd ut. Dømer på dette er Svegatjørn – Rådal og Nyborg – Klauvaneset.

Men dei løyver ikkje dei store summane til prosjektet. Planane viser at det er sett av 400 millionar kroner i den siste delen av planperioden, det vil seia frå 2018-2023. I tillegg kjem det 500 millionar kroner i såkalla anna finansiering, og kjent som bompengar.

LES OGSÅ: Vil legga E39 i lokk

Prosjektet har ei total kostnadsramme på 3,6 milliardar kroner.

Regjeringa skriv i sine dokument at dette er eit prioritert prosjekt i siste seksårsperiode av NTP, men at prioriteringa er avhengig at ein vert einig om delvis bompengefinansiering av prosjektet.

Det dempar likevel ikkje jubelen hjå regionrådsleiar Jon Askeland.

– Me har lukkast i kampen. For det har verkjeleg vore ein kamp. Det har ikkje mangla på prosjekt som vil vera med, no er me med og det er me glade for, seier han til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Hareide rosar Nordhordlands-pakken

Av andre lokale prosjekt ligg strekninga Eikefet - Romarheim bru inne med 1,33 statlege milliardar kroner og skal setjast i gang med i den siste delen av planperioden.

Regjeringa skriv om det at strekninga i dag har dårleg standard, med ein smal og svingete veg og er utsett for skred. Som Nordhordland har skrevet om tidlegare er det snakk om ein lang tunnel på heile sju kilometer.

Det er og avgjort at den nordlege innseglinga til Bergen, forbi Askøy og Meland skal sprengast ut. Etter utdjupinga skal farleden ha ei minstedjupn på 13,5 meter og minstebreidde på 200 meter.

NTP er på totalt 508 milliardar kroner. 311,6 av desse milliardane går til vegar, medan jernbanen stikk av med 167,8 milliardar kroner.

NTP er ein rullerande plan. Det betyr at planperiodane overlappar kvarandre. Planen som er lagt fram i dag gjeld frå 2014 til 2023, medan me alt har ein plan som går fram til 2019. NTP skal gje langsiktige linjer.

LES OGSÅ: Får tunnel under skulen

Det viktigaste med dagens NTP er ei konkretisering av kva som skal skje dei fyrste fire åra av planen.

Elles i Hordaland ligg både Svegatjørn-Rådal og Sotrasambandet inne.

Er du nøgd med regjeringa si satsing på Nordhordland? Kom med meininga di i kommentarfeltet!

LES OGSÅ: Gir gass for Gullvegen

Artikkeltags