Dette var ein menneskeleg feil.

– Vi har fått nye målesystem for TV i Norge, som for første gang fangar opp digital sjåing. Det er veldig bra, men i går blei det dessverre gjort ein feil fra vår side, der to ulike tal blei blanda saman. Det gjekk ei kule varmt. Det er pinleg, og vi beklagar feilen, seier Espen Skoland, kommunikasjondirektør i Discovery Networks til BA.

Ein av deltakarane er Adrian Sellevoll frå Lindås. Han skapte overskrifter i media allereie før serien vart sendt på TV.

Har gjort det bra

«Ex on the Beach» er ei av TV-Norge sine store satsingar denne hausten. 89.000 såg episode to av «Ex on the Beach» på strøymetenesta Dplay torsdag. Det er opp 25.000 frå premieredagen. Også på kanalen FEM aukar sjåartala.

– Vi var ganske trygge på at interessa rundt dette programmet ville vere stor. Men sjåartala og den digitale trafikken på Dplay er over vår forventing. I går var det i tillegg eit rekordstort tal personer som registrerte seg som betalande abonnenter. Så dette er morsomme dagar for oss, seier Skoland.

Programmet «Ex on the Beach» viser åtte single ungdommar som reiser på ferie til ei eksotisk øy.

Her skal deltakarane feste, sole seg, forelske seg og truleg litt meir. For å skape dramatikk blir ekskjærestar av deltakarane sendt inn éin etter éin.

– Kruttsterk kritikk

Skoland i Discovery seier at dei forventa både kritikk og merksemd.

– Den første veka med «Ex on the Beach Norge» har eigentlig gått litt som forventa, og samtidig litt betre enn vi håpa. Snakkis-faktoren er høg, og kritikken er til tider kruttsterk. Det hadde vi rekna med. Men estimata vi laga for sjåing og trafikk har vi allereie skrota. Dei nye er justert opp.