Steinras på Masfjordvegen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Vest politidistrikt meldte tysdag formiddag på Twitter at det har gått eit steinras på Fv379 Masfjordvegen.  Raset skal ha gått i nærleiken av Argjelsneset, mellom Lauvvik og Solhaug.

Ifølgje meldinga er det mogleg å passere på staden.

Ifølgje Vegtrafikksentralen er entreprenør på veg til staden for å vurdere situasjonen.

Det skal vere snakk om knyttnevestore steinar, og nokre større steinar på rundt 50 kg som har falle ned.

Like før klokka eitt er vegen rydda og trafikken kan passere som normalt.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags