Rektor vil ha skuleskyss i båt forbi rasstaden

Ras ved Dalsøyra i Gulen fv 57.

Ras ved Dalsøyra i Gulen fv 57. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kva tid rasråka fylkesveg 57 i Gulen er farbar att er uvisst.

DEL

Rektor Agnar Mostrøm ved Dalsøyra skule fryktar det tek lang tid før rasråka fylkesveg 57 i Gulen er farbar att, og ber om at ei alternativ ordning kjem på plass for skuleelevane snarast, melder NRK.

– Eg meiner ei båtrute må vere eit godt alternativ, dersom dette blir noko som går over fleire dagar eller veker. Det veit vi jo ikkje enno, seier Mostrøm til NRK.

Det einaste som på noverande tidspunkt er sikkert, er at fundamentet under kring 50 meter av vegen er fråverande etter raset torsdag, og måndag skal det verte gjort undersøkingar av grunnen.

Sidan raset gjekk har elevar ved Dalsøyra skule vorte tvungne til å halde seg heime. Omkøyringsvegen via Masfjorden, E39 og Instefjord tek kring ein time, og er ikkje eit haldbart alternativ som skulerute. Om det kan verte aktuelt å lage ein lokal omkøyringsveg er noko av det grunnundersøkingane kan gje svar på, skriv NRK.

Assisterande fylkesdirektør for samferdsel i Sogn og Fjordane, Øystein Hunvik, seier til NRK at dei arbeider med to ulike alternativ til skuleskyss. Det eine alternativet er båtrute mellom Eidsbotn og Dalsøyra, det andre er buss, der ungane går til fots forbi sjølve rasstaden. Det siste alternativet er berre aktuelt dersom rasstaden er trygg å ferdast på, understrekar Hunvik til NRK.

Artikkeltags