Råkøyringa i Austrheim: – Politiet bør vera meir synlege

ER IKKJE REDD: - Dei aller fleste her ute køyrer fint, meiner David Rossland (f.v.), Lisbeth Viken, Øystein Haugli og Simen Laastad på Austrheim Vidaregåande s kule. Dei tre gutane vil halda fram med å køyra bil til skulen.

ER IKKJE REDD: - Dei aller fleste her ute køyrer fint, meiner David Rossland (f.v.), Lisbeth Viken, Øystein Haugli og Simen Laastad på Austrheim Vidaregåande s kule. Dei tre gutane vil halda fram med å køyra bil til skulen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

AUSTRHEIM: Lærarar og assisterande rektor på Austrheim vidaregåande skule vil ha meir synleg politi på starten av skuleåret.

DEL

– Vi saknar politiet her når skuleåret startar. Då er elevane ferske og skal tøffa seg. Det er alltid noko som skjer på denne tida, seier Arve Lillejord, lærar på køyretøylinja ved Austrheim vidaregåande skule.

Han meiner at ungdomen er såpass umodne at gutar ikkje burde hatt lappen før dei er 25 år gamal, og jenter når dei er 18 år gamal.

LES OGSÅ: «– Det er kultur for å leika litt med bilane sine her ute, i form av spinning og drifting, men kappkøyring driv vi ikkje med»

– Eg har jobba som lærar i Norheimsund, og der var politiet alltid på plass i byrjinga av skuleåret, berre for å markera seg overfor ungdomen, og det hjelpte, seier Lillejord.

Heilt samd

Konstituert lensmann og leiar for politikontoret på Austrheim, Svein Arne Hatlevik, er heilt samd med Lillejord.

– Det er heilt rett det. Vi burde vera meir til stades i byrjinga av skuleåret, men vi har også ein landsomfattande aksjon på barneskulane som er retta mot foreldra til barna i dei fyrste klassetrinna. Samstundes er det 40 skular i Nordhordland. Vi klarer rett og slett ikkje vera over alt, seier Hatlevik.

Han får dagleg tilsnakk frå publikum som melder ifrå om grisekøyring.

– Det gjeldt ikkje berre i Austrheim men i heile Nordhordland. Vi får meldingar frå folk som rett og slett må kasta seg i grøfta for å berga livet, seier Hatlevik.

Urettferdig

Det største utfordringane har politiet likevel i Lindås og Austrheim. Assisterande rektor på Austrheim vidaregåande seier at skulen ikkje kjem til å nekta elevane å køyra bil til skulen.

– Skulen kan ikkje bestemma om elevane skal bruka bil eller buss, og det vil ikkje vera rettferdig å feia alle under ein kam, seier Tresvik.

LES OGSÅ: Mistenker høy fart - to til legevakt etter at bil havnet på taket

Han etterlyser meir politi, og fleire kontrollar i Austrheim.

– Hadde politiet hatt litt fleire kontroller, ville det ha hjelpt. Vi kan ikkje gjera noko anna enn å oppmoda ungdommen til å køyra fint, og håpa på det beste, seier Sigbjørn Tresvik.

Ungdomen som Nh har vore i kontakt med trur og at det vil verka avskrekkande med eit meir synleg politi langs vegane i Austrheim.

Politiet følger opp

– Dersom vi hadde sett politiet oftare, ville folk sikkert køyrt mykje finare, seier David Rossland frå Austrheim vidaregåande.

Hatlevik bekreftar for Nh at det vil skje ei opptrapping av kontroller på strekkinga frå Lindås til Austrheim.

– No skal vi prøva med fleire kontroller i tida framover, men erfaring frå tidlegare er at ungdomen gjer seg den bjørnetenesta at dei varslar kvarandre, om at vi står der, seier Hatlevik.

Han håpar no at ungdomen skjønar at politiet ikkje gjer dette fordi at dei har lyst å ta lappen frå folk, men fordi at dei vil forhindra fleire dødsulykker der unge liv går tapt.

Artikkeltags