RadøyGruppen vil slå Bergen Group Hanøytangen konkurs: Rettssaka vart utsett

IKKJE STRESSA. ENNO: Lasse Ståløy i Radøygruppen seier at 2015 handlar om å komma i mål på ein god måte. Men han ser positivt på framtida, då han forventar at fleire store jobbar kjem til å tikka inn. Førebels kan han garantera arbeid til september for sine tilsette. Men dei reknar heile tida på nye jobbar. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

IKKJE STRESSA. ENNO: Lasse Ståløy i Radøygruppen seier at 2015 handlar om å komma i mål på ein god måte. Men han ser positivt på framtida, då han forventar at fleire store jobbar kjem til å tikka inn. Førebels kan han garantera arbeid til september for sine tilsette. Men dei reknar heile tida på nye jobbar. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

RadøyGruppen hevdar Bergen Group Hanøytangen skuldar dei 26 millionar og vil slå selskapet konkurs. Tysdag vart saka utsett i tre veker.

DEL

– No ventar me på eit utspel frå Bergen Group Hanøytangen før me kan uttala oss om dette, seier Lasse Ståløy, øvste sjef i RadøyGruppen til avisa Nordhordland.

Han er overraska over at konkurssaka mot Bergen group Hanøytangen tysdag vart utsett.

LES OGSÅ: RadøyGruppen skal bruka ein halv milliard på Jotun-tomta

Bakgrunnen for saka er klassing av oppgradering og klassing av riggen Borgland Dolphin. Der vart RadøyGruppen hyra inn som ein av leire underleverandørar. Jobben var ferdig i fjor, men framleis meiner RadøyGruppen at Bergen group Hanøytangen skuldar dei 26 millionar kroner. 4,5 av dei millionane er det semje om, men Bergen Group Hanøytangen valde å ikkje betala då forfallsdatoen kom.

– I tillegg er det eit krav på 17,6 millionar kroner som me meiner er rettkomne, men som det ikkje er komme avklaring rundt, seier Ståløy.

Han seier partane har hatt fleire møter, der BGH vil at leverandørane må ta ein stor del av bøygen.

– Dei har komme opp med nokre løysingar som me ikkje kan akseptera, seier han.

Ståløy seier at BGH hevdar dei er insolvent og driv på kreditors rekning.

LES OGSÅ: Radøygruppen satsar i nedgangstider

– Det kan me ikkje akseptera. Difor ønsker me no ein konkurs så ein bustyrar kan sjå på dei transaksjonane som har vore og fordela dei midlane som er på ein rettferdig måte til kreditorane, seier han.

Pengane har radværingane gått og venta på i eit halvt år no.

– Fryktar de det har skjedd noko muffens her?

– Nei, men me må sjå om det har vore ei forfordeling her. Det må me få ei avklaring på.

– Betyr det at de trur at andre har fått pengar som de har krav på, før dykk?

– Det veit eg ikkje, seier han.

Ståløy seier BGH i forhandlingane har sagt at dei har eit krav mot sluttkunden som dei går og ventar på. Det tek Ståløy ei klype salt.

– Om det er rettkomne vil bustyraren krevja dei inn på lik linje med BGH slik at kreditorane kan få sitt, seier han.

For Ståløy og RadøyGruppen sin del er det heilt uaktuelt å føra vidare forhandlingar.

– Det er slutt på alle forhandlingar, seier han.

– Korleis er forholdet mellom dykk?

– Me er profesjonelle, svarar han.

Konserndirektør for organisasjon og samfunnskontakt i Bergen Group ASA, Øyvind Risnes seier at dei håpar at dei skal klara å koma fram til ei god løysing for seg og sine kreditorar.

– Me innser at det er ein utfordrande situasjon for oss og våre underlevrandørar og det hjelper jo ikkje at offshoreindustrien jobbar i motbakke no, men me vil finna løysingar, seier han til avisa Nordhordland.

Han seier at BHG i slutten av august stevna oppdragsgjevaren sin for voldgiftsretten med eit krav på 190 millionar kroner, som dei meiner dei har krav på frå sluttoppgjeret.

– Og den summen er vesentleg høgarer enn det som er uteståande gjeld til våre underlevrandørar, inkludert RadøyGruppen, seier han.

– Korleis er forholdet dykkar til RadøyGruppen?

– Eg har ikkje noko behov for å karakteristera det forholdet. Men me vil ha ein best mogleg dialog for å finna løysingar, og eg opplever at dei og har vore villige til å diskutera rundt enkelte ting, seier han.

– Har du trua på at de klarar å unngå ein konkurs?

– Me har heile tida har trua på at me skal klara å løysa det før me kjem i den situasjonen. Me jobbar klart og målretta for å finna løysingar som er til det beste for våre kreditorar. Me var det i førre veka og me er det no, sluttar han.

Artikkeltags