For Børt-Arne og familien gjorde straummangel julefeiringa ekstra koseleg

Heldigvis hadde Børt-Arne fått eit agregat i gåve frå ein kompis for eit par år sidan. Det kom godt med på julaftan. Berre ein time forsinka var bordet dekka med pinnekjøt og alt som høyrer med.

Heldigvis hadde Børt-Arne fått eit agregat i gåve frå ein kompis for eit par år sidan. Det kom godt med på julaftan. Berre ein time forsinka var bordet dekka med pinnekjøt og alt som høyrer med. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sjølv om heile område gjekk i svart, fekk Børt-Arne servert ein fullverdig julemiddag til familien.

DEL

På sjølvaste julaftan var fleire menneske i Gulen, Masfjorden, Radøy og utan straum. Hos ein del var straumen vekke frå føremiddagen til langt på kveld.

Nokre av dei som var straumlause i timesvis var Børt-Arne Kaland og familien i Sævdal på Radøy. Medan han gjorde unna siste rest av julegåvehandelen på Knarvik senter, kom telefonen heime frå om at straumen var gått. Den forsvann kring 1230 og kom først attende rundt klokka 2130.

– Då var det berre å peise heim og få aggregatet opp å gå, og i seks-sjutida køyrde eg ut på Manger i og kjøpte bensin på dunkar, fortel Kaland.

For heldigvis hadde han fått eit slikt i gåve frå ein kompis for eit par år sidan. Med hjelp av dette og vedomn fekk han servert familien beståande av kone, dotter på 10 år to søner på 12 og 14 år, ein fullverdig pinnekjøt-middag.

– Eg ser ikkje noko særleg kos i å sitte med hotdogs på julekvelden sjølv om straumen er gått.

Berre ein time forsinka

– Eg kokte poteter og kålrotstappe på fyringsomnen, og brukte aggregatet på plata til pinnekjøtet. Middagen kom på bordet berre ein time forseinka, men det toler vi godt! Ungane er så store no at det hadde forståing for det.

Poteter og kålrotstappe blei laga på vedomnen.

Poteter og kålrotstappe blei laga på vedomnen. Foto:

Huset blei lyst opp med stearinlys.

– Det blei ei utruleg koseleg julefeiring likevel. Det blei mykje koselegare enn ein kunne vente seg, og eg trur faktisk vi fekk det endå koselegare enn om vi hadde hatt straum. Alle var kjempenøgde og vi koste oss. Då vi sat oss med bordet fekk vi også straumen att, og no har vi hatt straum sidan i går kveld, fortel Kaland søndag rundt klokka eitt på ettermiddagen.

Ved hjelp av eit agregat og ein liten platetopp blei også pinnekjøtet vellykka.

Ved hjelp av eit agregat og ein liten platetopp blei også pinnekjøtet vellykka. Foto:

Sjølv om familien kom svært godt ut av situasjonen, har han stor medkjensle med dei som ikkje hadde like gode løysingar klare.

– Eg kjenner ei som hadde besøk av si gamle mor, og dei sat heime med berre stearinlys og ikkje moglegheit til å lage mat. Når straumen kjem så seint tilbake som klokka halv ti, då er det ikkje noko særleg å begynne å lage julemiddag. Men dei skulle heldigvis få laga seg julemiddag i dag, fortel han 1.juledag.

Sjølv om han var godt hjelpt med aggregat, var det dessverre ikkje nok til å dele straum med fleire.

– Det gir ca. 2200 watt, og plata mi dreg 2000. Og når eg var ferdig med maten trur eg neppe at nokre var interesserte i å lage julemiddag. Det er no ikkje noko særleg å lage julemiddag klokka eitt-to om natta.

Børt og familien fekk super julestemning på trass av at straumen ikkje spelte på lag.

Børt og familien fekk super julestemning på trass av at straumen ikkje spelte på lag. Foto:

Men det var også fleire som ved hjelp av diverse utstyr klarte å få julemiddagen på bordet på julaftan, sjølv utan straum.

– Naboen koke pinnekjøt på primus og kokte poteter og kålrotstappe i campingvogna.

Etterlyser betre førebuing

Kaland er godt nøgd med oppdateringane frå BKK men meiner dei burde gjere meir for å vere betre førebudde når vêret blir røft.

– Eg synest det er grådig dumt at straumen ryk i straum kvart einaste år. Lyn kan ein ikkje gjere noko med, men ofte er grunnen at det fell tre over linjer. Kvifor kan dei ikkje bruke dødtida elles i året til å drive førebyggande arbeid og rydde kring linjene? Det trur eg det er ganske mange som irriterer seg over. Sjølv sikra eg lause gjenstandar då meldingane om uvêr kom, og fekk plassert naboen si campingvogn i garasjen. Det er rart at BKK ikkje førebur seg.

Artikkeltags