Gå til sidens hovedinnhold

Denne gongen blei det ikkje Idrettsgalla-pris på Urhaug

Artikkelen er over 4 år gammel

Nominert til sin sjuande pris, men i år nådde ikkje Urhaug opp.

Tommy Urhaug var nominert til å vinne sin sjuande idrettsgallapris, då Idrettsgallaen vart arrangert på Hamar laurdag.

Bordtennisesset frå Radøy var nominert i kategorien årets mannlege funksjonshemma utøvar, men etter å ha innkassert seks prisar på Idrettsgallaen tidlegare, vart det i år ingen pris på Urhaug.

Vinnaren i år vart svømmaren Andreas Bjørnstad. Bjørnar Erikstad (segling) og Kristian Moen (snøbrett) var dei to andre nominerte i denne kategorien.

På grunn av sjukdom var Urhaug i år ikkje tilstades på Hamar. Før prisane var utdelt, la han ut denne meldinga på si eiga Facebook-side:

«Lykke til alle nominerte på årets idrettsgalla. Jeg er ikke tilstede denne gang pga sykdom. Takk for alle meldinger og fine ord. Tror ikke det blir pris denne gang,men en stor ære å nok en gang være nominert sammen med så mange flotte idrettsutøvere.»

Etter OL i Rio er Urhaug no i tvil om den vidare satsinga. Nyleg gjekk Urhaug ut i blant anna Avisa Nordhordland og varsla at han per dags dato ikkje har økonomi til å satse i fire år til mot OL i Tokyo på grunn av manglande sponsorar.

Prisvinnarane frå årets Idrettsgalla

Årets kvinnelege utøvar:

Ada Stolsmo Hegerberg

Årets mannlege utøvar:

Henrik Kristoffersen

Årets lag:

Håndballjentene

Årets gjennombrot:

Filip Ingebrigtsen

Årets kvinnelege funksjonshemma utøvar:

Sarah Louise Rung

Årets mannlege funksjonshemma utøvar:

Andreas Bjørnstad

Årets trenar:

Johan Flodin

Årets namn:

Stig-André Berge

Utøvarane sin pris:

Stig-André Berge

Årets førebilete:

Stig-André Berge

Årets eldsjel:

Svein Robert Vestå, Sortland Volleyballklubb

Idrettsgallaens heiderspris:

Gerhard Heiberg

Kommentarer til denne saken