Det seier Frode Gripsgård, som er produksjonsansvarleg hjå RadøyGruppen på Vetås.
TESS har overtatt rekvisitalageret til Radøygruppen, som no skal betala tolv fakturaer i året. Ikkje mange hundre, som før.


– Å skaffa småvarer er dyrt. Viss vi mellom anna treng eit målband bruker vi først tid på å finna det billigaste og beste, dermed skal det bestillast og i etterkant må ein faktura tilarbeidast. Eit målband som i utgangspunktet kostar 50 kroner, kostar oss fort 1500 kroner å anskaffa, fordi det ligg mykje arbeid bak. Denne jobben er det no TESS som skal gjera for oss, og vi kjem difor til å spara mykje tid og pengar, forklarar Gripsgård, som er svært fornøgd med det nye samarbeidet.

Skreddarsydd varelager

TESS og RadøyGruppen har hatt eit samarbeid sidan 2009, med ein så klart «Partnerstock».
Måndag var det offisiell opning på deira nye forsyningsløysing; ein «Partnershop», som er eit varelager skreddarsydd for berre RadøyGruppen sitt behov.


– TESS Partnershop er spesielt tilpassa RadøyGruppen – alt som er på lageret er avtalt på førehand. På den måten kan RadøyGruppen sine tilsette gå bort til lageret og seia kva dei treng. Dei to som no er tilsett i Partnershopen hjelper til med å finna vara. Viss vara ikkje finst på lageret, er det vår jobb å skaffa den. Det kan vi gjera på kort tid, kanskje til og med på timen, seier salsdirektør i TESS, Roar Kleven, som lover ein innsparingsfordel på 15 prosent.


– Kort fortalt er vi RadøyGruppen sin forlenga innkjøpsarm, seier Kleven vidare.

Jamlege arbeidsmøte

For å halda oppe eit godt samarbeid har TESS og RadøyGruuppen gjevnlege arbeidsmøte.


– Vi har fokus på kontinuerleg forbetring, og vil alltid sørga for at Partnershopen inneheld det dei treng, seier Kleven.