«– Folk har sex, og då bør det gjerast trygt»

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Nokre vart flaue, andre glade då dei fekk kondomar på gata. Slik vil KrFU setja fokus på sitt krav om gratis langtidsverkande hormonell prevensjon til alle kvinner under 25 år.

DEL

– Det er viktig for oss at alle har moglegheit til sikker sex, uansett tjukkleik på lommeboka. Mange har ikkje råd til langtidsverkande prevensjonsmidlar som spiral eller hormonstav til over tusen kroner. Difor vil me gje kvinner under 25 år gratis valfri prevensjon, fortel nestleiar i Akershus KrFU Andreas Skulstad.

Han reknar med at dei til no har vorte kvitt eit par hundre av dei i alt tusen kondomane dei har bestilt inn til kampanjen på Karl Johan i Oslo denne torsdagen.

LES OGSÅ: KrF vil ha gratis spiral til alle under 25 år

Trygt og godt
Hjå Helsedirektoratet kan kan både privatpersonar og organisasjonar bestille gratis kondomar sendt heim på døra.

– Det er gratis med kondom, difor burde det vore det same med hormonell prevensjon, som er tryggare enn å måtte hugse på eit kondom, seier KrFU-leiar Emil André Erstad, som er travelt oppteken med å dele ut kondomar.

Nokre tek imot dei svarte diskré pakkane, medan andre takkar høfleg nei.

– Folk er stort sett positive til bodskapen vår om at det bør vera gratis med effektiv langtidsverkande prevansjon. Bodskapen vår er at folk har sex, så då bør det gjerast trygt, fortel KrFU-leiaren, som vonar ei utvida ordning med gratis prevensjon vil få ned tala på uønska graviditetar.

 I Tromsø og Hamar har ein hatt eit forsøk med gratis prevensjon til kvinner i alderen 20 til 24 år, som resulterte i ein markant nedgang i abortraten i denne gruppa.

Oslo kommune sette i år i gang med eit tilsvarande prosjekt for kvinner i same aldersgruppe busett i bydel Grünerløkka. 

LES OGSÅ: Rekordfå tenåringsabortar

Nestleiar i Akershus KrFU Andreas Skulstad i samtale med polske Ewa Stachure (42)
Polske Ewa Stachure (42) var blandt dei som var positiv til KrFU sitt forslag.

Utvida ordninga i 2015
Helsedirektoratet foreslo allereie i 2012 å innføra gratis prevensjon til alle kvinner under 25 år. Direktoratet anslo i ein rapport at ordninga ville kosta mellom 87 og 92 millionar kroner og resultere i betre prevensjonsvanar, utjamning av sosiale forskjellar og færre uønska svangerskap.

– Det er ei lita bevilling på statsbudsjettet, meiner Erstad.

Frå og med 1. januar 2015 utvida Stortinget ordninga med støtte til prevensjonsmidlar til å inkludera både spiral og p-stav. I tillegg vart summen unge jenter får til prevensjon utvida frå 100 til 108 kroner for prevensjon i tre månadar.

Det betyr at jenter i alderen 16-20 år i dag får støtte til p-piller, p-plaster, p-sprøyte, p-ring, p-stav, hormonspiral og koparspiral, men at ein kan risikere å betala ein eigenandel avhengig av alder og prisen på produktet.

LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervisning

Sjølvbestemt prinsipp
Ifølgje Helsedirektoratet har langtidsverkande prevensjonsmetodar, som p-stav, hormonspiral og koparspiral, færre brukerfeil og difor høgare tryggleik mot graviditet.

– Sjølvbestemt prevensjon skal vere eit hovudprinsipp ved prevensjonsrettleiing. Alle bør difor få eit så breitt tilbod som mogleg å velje mellom , slik at kvar enkelt kan nytta den metoden som passar best, seier avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen i Helsedirektoratet på deira nettsider.

KrFU deler ut kondomar på Karl Johan
Frå venstre Hedvig Halgunset, KrFU-leiar Emil André Erstad og nestleiar i Akershus KrFU Andreas Skulstad melder om positive tilbakemeldingar frå publikum. 

Artikkeltags