«Bruk av kyrkja på dagar med mykje vind kan opplevast utrygt både for tilsette og publikum»

SKEIV: Manger kyrkje er skeiv og det kostar mange millionar kroner å retta den opp att. No må dei mellombels stenga kyrkja frå 1890.

SKEIV: Manger kyrkje er skeiv og det kostar mange millionar kroner å retta den opp att. No må dei mellombels stenga kyrkja frå 1890. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kyrkja er ikkje trygg å vera i om det bles for mykje. Vert stengt på ubstemt tid.

DEL

Bles det stiv kuling på Manger, kan ikkje kyrkja brukast.

Difor vert den stengt frå fyrstkomande måndag av og fram til den er ferdigstilt. Det har soknerådet i Radøy bestemt.

Kortid den er ferdigstilt er førebels uvisst.

Det ligg føre fleire rapportar som gjev klåre føringar på at bruk av kyrkja må avgrensast ved mykje vind. Sjølv om det så langt ikkje har skjedd noko med bygget må tilbakemeldingane takast alvorleg. Det melder Radøy sokneråd på sine nettsider.

Kyrkja som er under vøling vert likevel ikkje heilt stengt.

Gravferd, planlagte gudstenester og planlagt konfirmasjonsundervisning kan likevel haldast i kyrkja dersom det ikkje er meldt vindstyrke over 15m/s eitt døgn før arrangementet. Høgast meldte vindstyrke meldt av storm.no eller yr.no vert lagt til grunn.

Men om du har ein stor draum om å gifta deg i kyrkja på Manger, må du legga den draumen på is ei stund framover. Arrangement som ikkje lett kan flyttast på vert ikkje mogleg å halda i kyrkja til den er retta opp att.

Gravplassen vert skilta med informasjon om fare ved sterk vind. Området rundt kyrkja vert stengt av når det er meldt vind over 15m/s.

15 sekundmeter vind tilsvarar stiv kuling.

Bakgrunnen for desse relativt dramatiske skritta er at kyrkja er skeiv og har vorte skeivare dei siste åra. Det er verifisert gjennom fleire målingar dei siste åra.

– Med denne utviklinga er det openbart at kyrkja må forsterkast, og etter vanlege berekningsmodellar og metoder vil kyrkja ikkje kunne motstå store vindkrefter, skriv Multiconsult i ein rapport.

I februar 2014 førte knakelydar i bygget og ein 2 centimeter stor sprekk i golvet på galleriet til at det kom uromeldingar frå dei tilsette om tilstanden til kyrkja.

Målingane syner at bygget i perioden 2006 til 2014 i snitt har kome 23,8 mm ytterlegare ut av lodd. På det meste har kyrkja no eit loddavvik på 2,2 meter målt på austre langvegg.

Det er allereie knytta usikkerheit til bygget, og bruk av kyrkja på dagar med mykje vind kan opplevast utrygt både for tilsette og publikum, skriv soknerådet sjølve i sine sakspapir.

Soknet engasjerte i april 2014 Akasia for å utarbeide eit forprosjekt for å legge fram ei løysing for stabilisering og avstiving av kyrkja. Den prosjekterte løysinga gjekk kort ut på å trekke kyrkja tilbake og avstive bygget med stålavstivingar i tak og gavlveggar.

Det er ei løysing ein etterpå har gått vekk frå grunna stor risiko for skader ved opprettinga.

Multiconsult vil i sin rapportt forsterka i noverande posisjon grunna risiko for skader ved oppretting. Men dette er monaleg dyrare enn kva som var opphaveleg tenkt.

Prisestimantet ligg no på 7,4 millionar kroner. Problemet er at det berre var sett av 3,2 millionar kroner på budsjettet.

Med bakgrunn i den store skilnaden mellom det innkomne tilbodet og vedtatte budsjettrammer må Radøy sokn avventa eventuell tildeling av kontrakten. Kostnader knytta til Riksantikvaren sine mogelege undersøkingar er ikkje tatt omsyn til

Artikkeltags