Sett i arrest etter konsert-vald

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein mann i 40-åra vart køyrd i arresten i Bergen etter ein valdsepisode ved Hordabøhallen natt til søndag.

Rundt 700 menneske var samla på staden til konsert med Return og Stage Dolls.

– Det har vorte litt tumulter, og mistenkte har slått ein kar i hovudet, seier operasjonsleiar Hans Erik Thue ved Hordaland politisentral.

– Han vart pågripen av patruljen på staden og køyrd til arresten i Bergen, sikta for lekamskrenking, seier Thue.

Artikkeltags