Gå til sidens hovedinnhold

Urhaug manglar pengar til OL-satsing

Artikkelen er over 4 år gammel

Tommy Urhaug vil gjerne til Tokyo-OL i 2020, men midlane manglar.

Tommy Urhaug (36) frå Manger vil gjerne satse mot eit nytt OL. Gullvinnaren i bordtennis frå London-OL i 2012, lykkast ikkje heilt i Rio i sommar.

– Men det er ikkje dét som ligg bak når eg ønsker å satse vidare, seier Urhaug til BA.

Oppsving etter London

Radværingen tok eit populært gull i London i 2012, og dei fire åra fram mot Rio-OL var i seg sjølv ein ny opptur, seier han.

– Paralympics og paraidrett fekk eit veldig oppsving etter London. Eg merka det på medieinteressa og mykje anna. Og eg blei jo også tilsett i halv stilling, for å vere med å rekruttere utøvarar til paraidrett generelt, ikkje berre bordtennis. Eg er også med og driv ei gruppe med unge bordtennisspelarar som satsar mot Tokyo, forklarer han.

Den halve stillinga gjorde det også mogleg for Urhaug å leve av idretten, og satse skikkeleg. Men kontrakta går ut ved nyttår, og er foreløpig ikkje forlenga.

– Det står ikkje på viljen, verken frå Idrettsforbundet, Olympiatoppen eller bordtennisforbundet, som var spleiselaget bak den avtalen eg har hatt dei siste åra. Eg har fått høyre i heile år at dei vil ha meg med vidare. Og eg vil også gjerne vere med vidare, både i rekrutteringsarbeidet og gjennom eiga satsing. Det er som sagt mykje positivt som skjer rundt idrett for funksjonshemma. Men viljen er nødt til å bli følgt opp av midlar, påpeikar han.

Familiemann med to barn

For Tommy Urhaug er gift familiefar, med to små born.

– For ti år sidan kunne ein satse «på si», ved sidan av ein vanleg jobb. Men no er det så mykje meir trøkk, mange nasjonar puttar minst ein million i året i kvar enkelt utøvar, og sørger for trenar, fysioterapeut og kanskje også mental trenar. Då seier det seg sjølv at ein ikke kan vente å nå opp ved å drive på hobbybasis, seier han.

I tillegg til dei manglande midlane frå sentralt hald i Idretts-Norge, opplever også Urhaug ein sviktande sponsormarknad.

– Det har berre blitt tøffare og tøffare dei siste åra. Men det er jo ikkje noko eg er åleine om å oppleve, alle små idrettar i Noreg slit økonomisk. Sjå berre på roarane. Kristoffer Brun & Co gjorde det skarpt med fleire medaljar i OL, men mange av dei måtte rett i arbeid då dei kom heim, for å få betalt rekningane, påpeikar han.

Møter i januar

Tommy Urhaug har fått eit muntleg signal om at arbeidskontrakten hans blir forlenga ut januar, for det er nemleg møter på gang sentralt, i midten av januar.

– Eg håper jo at dette ordnar seg. Etter det eg har blitt fortalt, handlar det om at idrettsforbundet må barbere kostnadane neste år, dei får eit strammare budsjett. Det går fort ut over «småprosjekt» som meg, men eg håpar som sagt at eg kan fortsette både satsinga og ikkje minst rekrutteringsarbeidet.

– Det er mykje positivt som skjer i handikapidretten, men eg som familiemann med barn må jo ha betalt viss eg skal satse på dette, seier Manger-karen.

Kommentarer til denne saken