Stopp for sitkagran-skog

Sitkagran: Det vert ikkje noko av sitkagran-plantasjen på Sæbø. Miljødirektoratet har støtta synet til Fylkesmannen i Hordaland i saka. Illustrasjonsfoto

Sitkagran: Det vert ikkje noko av sitkagran-plantasjen på Sæbø. Miljødirektoratet har støtta synet til Fylkesmannen i Hordaland i saka. Illustrasjonsfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Miljødirektoratet har vendt tommelen ned for ein sitkagran-plantasje i Radøy. Direktoratet er redd siktagrana skal spreia seg utanfor det aktuelle plantefeltet.

DEL

– Avgjerda er ikkje basert på ei fagleg vurdering, men tatt på følelsar og propaganda frå enkelte grupper, skriv søkjaren i klagen sin etter at Fylkesmannen i Hordaland hadde avslått søknaden. Klageren hevdar vidare at det ikkje er dokumentert at sitkagrana spreier seg meir enn ei trelengde frå eit plantefelt. I klagen vert det også hevda at sitkagran ikkje er eit meir framand treslag enn norsk gran på Radøy.

Sårbart for spreiing

Miljødirektoratet har stadfesta Fylkesmannen i Hordaland sitt avslag på ein søknad om produksjon av sitkagran på Sæbø. Avslaget er grunngitt med at utsetjingsområdet, med beitemark og gamal kystlynghei, er svært sårbart for spreiing.

– Det vil vera svært vanskeleg å motvirka spreiing av sitkagran frå plantefeltet, uttalar Miljø-direktoratet. Også Radøy kommune går i mot tilplanting.

Føre-vár

Søknaden omfattar planting av sitkagran i tidlegare plantefelt som no er hogd, og i eit tilstøytande areal med beitemark som i dag er gått ut av bruk. Det er ikkje registrert nokon natur- type som er spesielt viktig for biologisk mangfald, og heller ikkje registrert sjeldne eller trua artar på areala som er omsøkt tilplanta. Men med føre-var-prinsippet i botn legg Miljødirektoratet særleg vekt på stor risiko for spreiing av sitkagran til nærliggjande verdifulle naturtypar. Direktoratet meiner at omsynet til biologisk mangfald – i dette tilfellet først og fremst naturbeitemark, i denne saka bør tilleggast større vekt enn omsynet til ein eventuell auka skogproduksjon.

Gitt at ein bestand gjerne skal stå i 70–100 år, og gjerne lengre, så betyr det at svært mange frø kan forventast å spreia seg langt, påpeikar direktoratet.

Landskaps-karakter

I Sæbøvågen, ca. 1 km mot vest er det registrert rik edellauvskog. I nord, og i noko lengre avstand frå det omsøkte plantefeltet er det registrert fleire verdifulle naturtyper, hovudsakleg naturbeitemark, mens innslaget av kystlynghei er begrensa.

– Radøy har plantefelt med både norsk gran og sitkagran spreidd i heile kommunen. Med fortsett tilplanting, og utan kontroll på spreiing vil det på sikt ha potensial til å endra på heile landskapskarakteren. Med den mengda sitkagran som står i landskapet frå før, og med mykje beitemark som går ut av bruk, er det samla sett eit stort spreeingspotensiale, uttalar Miljødirektoratet.

Artikkeltags