Ruben Risnes har lenge drøymt om å gje ut album: - Vil ut i verda!

HAR GITT UT PLATE: Ruben Risnes frå Radøy gav 1. august ut sitt første album. – Det store målet er å leve av musikken – å reisa rundt og spela livekonsertar, seier han. FOTO: Jostein Risnes

HAR GITT UT PLATE: Ruben Risnes frå Radøy gav 1. august ut sitt første album. – Det store målet er å leve av musikken – å reisa rundt og spela livekonsertar, seier han. FOTO: Jostein Risnes

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ruben Risnes (22) frå Radøy har nettopp gitt ut plata «Rule The World». Tittelen på plata beskriv akkurat det han ønsker å gjera – å rule verda.

DEL

Heilt sidan barneskulen har Ruben drøymt å gje ut sitt eige album. 22-åringen frå Manger begynte å spela piano og korps i ung alder, og har alltid vore interessert i musikk.

Hausten 2012 byrja han på Folkehøgskulen på Manger, kor han gjekk på linja «Musikkproduksjon».

– Sommaren etter at eg var ferdig på Folkehøgskulen sat eg å komponerte songar til langt på natt, fortel Risnes.

På Folkehøgskulen hadde Ruben ein lærar som heiter Daniel Hauge, som driv «Lydetaten» i Knarvik.

– Daniel gjekk fort frå å vera læraren min, til å verta ein god venn, og då eg hadde komponert ein god del låtar, tok eg kontakt med han og spurte om eg kunne koma til han for å laga eit album.

– Fekk opp håpet

Hauge gjekk gjennom alt Risnes hadde komponert, og lét seg imponera.

– Han sa at «dette er annleis og verkeleg bra, vi må få til å laga eit album». Då vart eg utruleg glad, og fekk opp håpet.

Sidan den gong har dei to jobba tallause timar med albumet «Rule The World», som 1. august i år vart slept. No ligg plata på Spotify, iTunes, Tidal og WiMP.

– Eg har fått mange positive tilbakemeldingar, folk seier dei er imponert – det er noko som gler meg både som person og artist, seier den unge platedebutanten.

Ruben veit at musikkbransjen er knallhard, og er førebudd på at ting vil ta tid, men han har planen klar for framtida.

– Det store målet er å leve av musikken – å reisa rundt og spela livekonsertar. Ikkje minst ønsker eg å gleda andre som finn seg sjølv i musikken eg lager. Eg håper å treffa folk i heile verda, men eg må byrja i det små.

LES OGSÅ: Kom til sine eigne med femi synthpop med ballar

Planer om ny plate

Risnes beskriv musikken sin som alternativ poprock, og fortel at mange synest det liknar musikken til Muse.

– Eg skriv om alt frå krig og fred, til kjærleik og kjærleikssorg. Eg håper folk kjenner seg att i tekstane, seier han.

Allereie no har musikaren frå Radøy planer om ny plate.

– Eg har begynt å mange skisser på låtar, men no er det først og fremst å få «Rule The World» i mål som er viktigast, så tar eg neste plate etter kvart, seier han.

Artikkeltags