Kystsogevekene startar på søndag: Kystsoge-opning for heile familien

SAMLAST I SKAGENESET: Opning av kystsogevekene i Skageneset søndag 9.august med mykje spennande på programmet. Du kan vera med på guida tur dit, eller ta veteranbuss og båt.

SAMLAST I SKAGENESET: Opning av kystsogevekene i Skageneset søndag 9.august med mykje spennande på programmet. Du kan vera med på guida tur dit, eller ta veteranbuss og båt.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det blir spennande krigshistorie, song og musikk, skattejakt og aktivitetar på sjøen.

DEL

Opninga av kystsogevekene i Radøy byr på eit allsidig program og naturopplevingar for heile familien i Skageneset søndag 9. august.

LES OGSÅ: Radøy-skule kan bli museum i nabokommunen: – Utedoen må vera med

I Friluftslivets år har Radøy kommune lagt opninga av kystsogevekene til det flotte friluftsområdet i Skageneset, også kjend for si historie knytt til andre verdskrig. Det vert guida tur frå Manger langs den gamle skulevegen til Skageneset, med Odd Matre som kjentmann. Eller du kan vera med veteranbuss til Byrkjelandsvågen, der Redningsselskapet Ung Radøy ordnar med båtskyss over, med retur seinare på dagen. Tilbodet om skyss er i første rekkje meint for dei som ikkje klarar å gå heilt til Skageneset.

Krigshistorie

Ordførar Jon Askeland står for den offisielle opninga av Kystsogevekene i Radøy. Elevar ved musikk- og kulturskulen står for den musikalske underhaldninga i Skageneset. Her vil du også få høyra om englandsfarten og familien i Skageneset og andre sin innsats under andre verdskrig, presentert av sogelaget.

For dei yngste kan ungdomsklubben freista med skattejakt, og Keipane kystlag inviterer til aktivitetar på sjøen.

Det vert også sal av mat og drikke.

Jubileumsgudsteneste

Før opninga av kystsogevekene vert det søndag også jubileumsgudsteneste i Hordabø kyrkje, for å markera at det er 140 år sidan kyrkja vart vigsla. Om vêret tillet det, vert det kyrkjekaffi ute etter gudstenesta.

LES OGSÅ: Ruben Risnes har lenge drøymt om å gje ut album: - Vil ut i verda!

Det er eit rikhaldig program under Kystsogevekene.

Du kan lesa meir om kva som skjer i dei ulike kommunane ved å klikka deg inn på www.kystsogevekene.no.

Artikkeltags