Ung rappar set Radøy på kartet med «Bala Med»

rappar om radøy: Radværingen Ulrik Haugland er aktuell med låten «Bala Med», og har spelt inn musikkvideoen til låten ved Hallandsvatnet.

rappar om radøy: Radværingen Ulrik Haugland er aktuell med låten «Bala Med», og har spelt inn musikkvideoen til låten ved Hallandsvatnet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

For radværingar er ikkje «bala med?» eit ukjent uttrykk. Radværingen under artistnamnet Kald Flamme er med på å sette Radøy på kartet.

DEL

Kald Flamme er heit om dagen. Ulrik Kierulf Haugland (20) som han eigentleg heiter, fylte tjue for nokre veker sidan og slapp låten si Bala Med berre nokre dagar før tjueårsdagen. Musikkvideoen er snart sett 5000 gonger på YouTube og spelt over 4000 gonger på Spotify. Dette er hans andre singel i løpet av eit halvt år – den førre er spelt over 30.000 gonger på Spotify.

Ein kald flamme

– Å vere kald er å slappe av og ta det med ro. I hip hop-kulturen seier ein det å rappe er å spytte flammar. Ein flamme som er kald er ein motsetnad som skapar ein fin kontrast, fortel Haugland.

Songtekstane ber og preg av ei kald mentalitet.

– Det skal vere avslappande og ein skal ikkje stresse.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Haugland ønsker å vise at han er frå distriktet. I tekstane likar han å bruke eigne og lokale ord. Som eit resultat av dette, kom ideen om låten «Bala Med» på bana. 

– Eg likar å seie det. Det er noko dei fleste på Radøy er kjend med. For meg er det naturleg å representere heimstaden min i musikken. Ikkje det at Radøy er det beste på jord, men det blir naturleg for meg.

– Det hadde blitt feil om eg hadde rappa på bergensk, sidan eg er jo stril.

Enkel og roleg

– Kva handlar låten om?

– Den handlar om kva eg gjer på og kva du gjer på. I «Bala Med» spør eg etter kva som skjer. Eg fortel om kva eg gjer ein vanleg dag. Berre slappar av, eit pizza, drikk juice og alt anna kvardagsleg eigentleg. Det er ein roleg og enkel tekst. Eg ville lage ein låt som var fin å høyre på.

I vinter laga han musikkvideo til låten på kjente plassar på Radøy. Både Marøy, Syltaneset og Hallandsvatnet er representerte i videoen som er filma av Ken Robert Haltvik.

– Landskapet er ope og enkelt. Og det er moglegheiter for store oversiktsbilde. Eg likar å bruke fugleperspektiv i videoar, noko som ein ser i musikkvideoen.

Satsar ikkje

Haugland går for augneblinken linja for musikkproduksjon på Sunnhordland Folkehøgskule, og fortel at dei lærer korleis ein lagar, mixar og vurderer songar og tekstar. Skulen er lærerik, og det meste lærar dei gjennom ulike dataprogram. Haugland diggar musikken, men han har ingen ambisjonar om å satse 100 prosent på ein musikkarriere.

– Eg ønsker ikkje å satse på musikken som eit levebrød. Då er eg redd at gleda med musikken forsvinn. Eg tenker å ta ei utdanning utanom, og eg kjem til å drive med musikk ved sidan av noko anna, men eg er likevel seriøs når eg jobbar med den.

Serlina har signert med Universal 

I 2011 fanga norsk musikk merksemda til Haugland. Han vart interessert i norske rapparar, og høyrde mykje på sjangeren. Interessa for å lage eigen musikk kom midlertidig ikkje før i 2013, då Haugland starta bandet 5937 saman med fire andre kompisar.

– Eg høyrde mykje på rap rundt 2015–2016. Eg vart skikkeleg interessert og tenkte «Kvifor ikkje lage noko sjølv?».

Lovar meir

Haugland fortel at det kjem fleire singlar i 2017, men ønsker ikkje å røpe for mykje av planane han har for året.

– Eg kjem til å sleppe litt forskjellige type låtar. Men musikken blir i same gate kan ein seie. «Bala Med» er veldig svevande og melodiøs, så kanskje det vert litt meir rapping? Men ein skal framleis høyre at det er same stil og humør i musikken.

– Kan du beskrive «Bala Med» med tre ord?

– Melodiøs, svevande og positiv, avsluttar Haugland.

Høg kvalitet og stort potensial i UKM 

Artikkeltags