Med stor dugnadsinnsats er det gamle miljøet i Nøtlevågen teke vare på og restaurert. Særleg har ungdommane i bygda vore aktive i arbeidet, og mellom anna er lagerhuset bygt om til triveleg møte- og festlokale. Meieri og handelslokala er pussa opp og gamle ting ivareteke så historia vert halde i hevd og blir formidla til komande generasjonar.

«Ishuset var til nedfalls og taket brotna i ein storm. Men tømmer vart hogga og no er nytt tak på plass. Det ”restaurerte” meieriet vart opna med eit familiearrangement under Kystsogevekene i haust. Då vart ”nyesalen” i meieriet tatt i bruk som eit samlingslokale.  Nøtlevågen er etter kvart vakse fram som eit lite kultursenter for bygda», heiter det i grunngjevinga for å tildela kulturprisen til Nøtlevågen meieri.

LES OGSÅ: Fest for det restaurerte ishuset

Bygdelag med omsut

I tillegg til bevaring av det gamle, skipar Nøtlevågen Meieri til årlege samlingar med variert program med formidling av gamle kunstar og handverk. Her har gamle tradisjonar fått nytt liv, som t.d. då Berit Kvalvik frå sogelaget viste korleis ein separerte og laga smør i gamle dagar.

– I tillegg må det fine samarbeidet nemnast, som alltid har vore i bygda. Her dreg alle same vegen. Ein vil gjerne ta vare på eit bygdelag der alle kan kjenna seg heime og har omsut for kvar andre, heiter det i grunngjevinga. Prisen i år er ein kulturminnevern-pris.

Imponert

– Dette passar også inn i ei ”setting” om at Radøy er i ferd med å utarbeida ein kulturminneplan. Det er eit litt artig poeng at ordføraren under gjenopninga av ishuset i Nøtlevåg i august, understreka denne planen og at Nøtlevågen ganske sikkert vil få ein plass i denne. Lite visste eg då at dei få månader etter skulle få kulturprisen, seier ordføraren i Radøy, Jon Askeland, som er imponert over det store arbeidet som er lagt ned.

LES OGSÅ: Arne Årseth får Lindås sin kulturpris

Unikt miljø

– Dette er eit unikt miljø som vi er veldig glad for å kunna ta vare på og som vi synest det er kjekt å visa fram, seier Bjarte Vaktskjold i Nøtlevågen meieri. Nøtlevågen var ein sentral møtestad med dampskipskai, meieri og butikk, og eldsjelene har gjort ein flott innsats med å setja bygningane i stand og skapa nytt liv. Det meste av arbeidet er gjort på dugnad, og mellom 20 og 25 personar har vore i sving.

– Humøret og samhaldet blant dei som står på i Nøtlevågen er viktig å trekkja fram, likeeins at forholdsvis unge folk viser ei slik flott interesse for kulturminnevern, seier Radøy-ordføraren, som hadde gleda av å dela ut prisen på Dale grendahus sin basar i ettermiddag.

Samlingsstad

Det er like viktig å ta vare på kulturminna i bygda som det er å ta vare på Mariakyrkja i Bergen. Dette er våre Mariakyrkjer. Det å gjera Nøtlevågen til samlingsstad i bygda igjen er svært viktig for livet i bygda, og dermed kunne formidla viktig kulturhistorie til nye slekter, sa ordførar Jon Askeland då han overrekte kulturprisen til Bjarte Vaktskjold, leiar i Nøtlevåg meieri. Han framheva årets kulturprisen som ein kulturminne- og dugnadspris. I år er prisen eit kunstverk laga av Radøy-kunstnaren Anette Kierulf.

-Kulturprisen er med på å få Nøtlevågen og det miljøet her fram i lyset, sa Vaktskjold. Han understreka at det er mange som er med og bidreg i arbeidet med å halda bygningsmassen i stand og gje staden nytt liv. Tilskot frå kommunen og fylkeskommunen har også vore til god hjelp.