Uhell på trampoline - brannvesenet rykker ut

DEL

110-sentralen i Hordaland melde like før klokka 11 måndag at brannvesenet rykte ut til eit uhell i Austmarka på Radøy.

Ifølge meldinga var det ei jente som har fått handa fast i ei trampoline.

– Brannvesen køyrer for å få handa laus. Naudetatar på veg, melder 110-sentralen.

Litt før klokka 11.30 melder 110-sentralen at jenta er frigjort frå trampolina og at brannvesenet er ferdig på staden.

Ulykka vart meldt klokka 10.48.

– Ein elev hadde sett seg fast med handa nede i ei trampoline. Ho sat fast nesten heilt opp til albuen, seier vaktkommandør Morten Franzen ved 110-sentralen til BA.

Brannvesen og ambulanse blei sendt til staden.

– Dei fekk brukt noko verktøy for å få fri armen. Ho blei deretter overlaten til helsepersonell, seier Franzen.

Sæbø skule har to nedgravde trampoliner, og ifølge rektor, Trine Merete Jansen, sette jenta armen fast då ho skulle hente ein ping-pong-ball som hadde falle ned under den eine trampolina.

– Ho fekk armen i klem. Det blei klypt opp i festa for å få laus armen. Ho blei undersøkt av lege, og det ser ikkje ut som ho har fått nokon skade eller brot, seier Jansen.

Artikkeltags