Radøy-skule kan bli museum i nabokommunen: – Utedoen må vera med

NYTT LIV: Austrheim kommune og Markhus Bygg As ønsker å overta bygget og gje den nytt liv i kystlandsbyen.

NYTT LIV: Austrheim kommune og Markhus Bygg As ønsker å overta bygget og gje den nytt liv i kystlandsbyen.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

RADØY: Den tidlegare Straume skule i Radøy kan bli riven og sett opp att som museum i kystlandsbyen i Austrheim.

DEL

Også tilhøyrande utedo skal følga med til nabokommunen.

Bygningen er i dag i dårleg stand og er til fare for omgjevnadane slik den står i dag. Austrheim kommune og Markhus Bygg As ønsker å overta bygget og gje den nytt liv i kystlandsbyen.

Frå Austrheim til Straume

Ifølge bygdeboka for Radøy er denne bygningen den gamle skulestova som stod på Austrheim, som vart tatt ned og flytta til Straume i 1905. I 1926 vart den påbygd med ein lærarbustad. Skulen var i bruk som skule fram til kring 1964, då Straume vart overført til Radøy kommune og elevane byrja på Nordanger skule.

Stor kulturverdi

– Straume skule er ein av dei mest autentiske skulebygga i Radøy kommune, og bygget har ikkje vorte særleg endra sidan det var skule her. Alder, autentisitet og plassering nær vegen på Straume gjer at kulturminneverdien er høg, uttalar kulturminneansvarleg i Radøy kommune, rådgjevar Bente Kopperdal Hervik.

LES OGSÅ: Trendy te-rock på Austrheim

Ho skulle helst ønskt at skulen vart ståande der den står, og at den vart sett i stand og tatt vare på staden. Det har vore gjort fleire forsøk på å få sett skulen i stand, og å få nokon til å ta ansvar for vedlikehald. Det har ikkje lukkast, og dei siste åra har skulen blitt ståande til forfall.

Til skjemsel

Grunneigarane der den tidlegare skulen står, ønsker å få bygget riven og fjerna. Om bygget ikkje vert tatt ned vert det ståande til vidare forfall og skjemsel langs vegen, påpeikar kommunen. Bygget har også fungert som grendehus i si tid.

Det er tatt initiativ frå Austrheim om å få skulen flytta attende til Austrheim kommune, og ta den i bruk som museum.

– Ta med utedoen

Dette er ei løysing som vil ta vare på skulebygget i den kommunen skulen opphavleg vart bygt.

LES OGSÅ: Monica vert rektor på Skodvin Montessoriskule – Gler meg til å koma i gang

Teknisk forvaltning i Radøy kommune gir løyve til at bygget vert tatt ned og flytta til nabokommunen.

– Når ein flyttar bygget bør ein ta med utedoen og setta den opp att i tilknyting til skulebygget, meiner Hervik.

Artikkeltags