Krigshelten John Pettersen (101) har gått bort

John Pettersen (1915-2016)

John Pettersen (1915-2016) Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Døde med familien rundt seg.

DEL

Krigshelten John Pettersen (101) døde laurdag kveld klokka 22.15 på Haraldsplass sjukehus. Det stadfestar familien hans overfor avisa Nordhordland.

– Han hadde eit kraftig handtrykk heilt til sist, seier son hans Stanley Pettersen til avisa Nordhordland.

John Pettersen vart fødd på Sylta på Radøy 20. april 1915.

LES OGSÅ: 70 år etter freden er John Pettersen framleis på slagmarka kvar dag

Det han er mest kjend for hjå folk flest er hans innsats under andre verdskrig. Då krigen braut ut var han om bord på skipet M/T «Hallanger» på veg frå Yokohama til San Pedro, etter å ha levert olje.

Med ein gong han gjekk i land på Amerikas austkyst sette han seg på bussen til New York og melde seg til teneste for den amerikanske hæren. Det skulle gå tre år, men i mai 1943 fekk han beskjed om å melda seg.

Han gjer som han får beskjed om, og tek subwayen til Long Island, der Camp Upton var. Etter å ha fått uniform og naudsynte sprøyter var det å reisa til Camp Hale i Colorado, der han skulle tenestegjera i 99th. battalion, ein bataljon som bestod av nordmenn og etterkommarane etter nordmenn.

Treninga var knallhard, men alt etter nokre månadar vart dei skipa til Europa. Fyrst til Skotland for meir trening, før dei vart sendt i kamp.

LES OGSÅ: John feirar amerikanarane sin nasjonaldag

Pettersen var med på åtaket på Normandie, om enn ikkje i den fyrste bølgja. 

Han gjekk i land på den etter kvart så berømte Omaha beach. Medan hovudstyrken hadde full fart mot Cherbourg, fekk Pettersen sin bataljon i oppdrag å reinska ut dei lommene med motstand som framleis var der. 

99th. bestod av rundt 1000 mann og var med på nokre av dei kraftigaste slaga som var i Europa under krigen. Dei kjempa i både Frankrike, Belgia, Nederland og Tyskland. Dei miste over 50 mann. og fleire hundre vart skadde i løpet av kampane. 

Men det var ikkje over med det. Det verste slaget stod igjen. Ardennaroffensiven. Ardennaroffen-siven starta i desember 1944, og dette var den siste tyske offensiven på Vestfronten under verds- krigen, der tyskarane ville dela dei allierte styrkane i to, for å tvinga fram ein fredsavtale. 

Tusenvis av soldatar mista livet på begge sider.

– Me kjempa frå 16. desember 1944 til 18. januar 1945. Me låg ute under presenningar, og vart til slutt beordra ut av legane, fortalde han i eit intervju med avisa Nordhordland i april 2015, berre dagar før han fylde 100 år.

LES OGSÅ: John Pettersen (100 1/2 år) fornya lappen nok ein gong! – Det var same procedure as last year

John Pettersen var skarpskyttar (sniper) i bataljonen og er ein av dei høgast dekorerte norske soldatar. Ifølgje Wikipedia er han tildelt de amerikanske dekorasjonane Bronze StarArmy Good Conduct MedalEuropean-African-Middle Eastern Campaign Medal og World War II Victory Medal. Pettersen er også tildelt den norske Deltakarmedaljen og Hærens vernedyktighetsmedalje.

I 2014 fekk Pettersen den franske medaljen Æreslegionens ordensteikn av Ridderklasse.

Rett før krigen trulova han seg med Astrid, men ho måtte venta til juni 1945 før dei fekk gifta seg. Då vart bataljonen hans sendt til Noreg for å vera med på avvæpninga av tyskarane. Då fekk Pettersen og krangla seg til ein permisjon på åtte dagar, så han kunne koma seg til Radøy og gifta seg med kjærasten sin.

Saman fekk dei fire born, John, Stanley, Rønnaug og Sissel. Dei to fyrste i USA. I 1953 flytta kona og barn til Radøy og i 1956 kom John etter. Der livnærte han seg som buss-sjåfør.

Hans opplevingar om kva han hadde opplevd under krigen heldt han lenge for seg sjølv, det var fyrst dei siste leveåra han byrja å prata om det, då han skjønte at den norske bataljonen kunne verta gløymt i folks bevisstheit.

Pettersen var i fin form heilt til sitt siste halve leveår. I mars fornya han til og med førarkortet sitt. Årleg service på sin høgt elska Toyota, som han alltid snakka ømt til og klappa på før dei sette av garde, gjorde han heime i tunet på garden han vaks opp på, også til det siste.

Like før han fylde 101 år fekk han ein lungebetennelse som sette han eit hakk tilbake og han budde heime og klarte seg stort sett sjølv til for ein månad sidan. Då hadde han eit uhell på badegolvet og knakk lårhalsen, samstundes som ein lungebetennelse også kom.

– Han var kanskje ikkje klar enno, men han skjønte det var slutten då han knakk lårhalsen, seier sonen Stanley.

John Pettersen lèt etter seg seg fire barn, åtte barnebarn og elleve oldebarn.

Gravferda vert frå Hordabø kyrkje fredag 21. oktober klokka 13.00.

Artikkeltags