Radøy er årets nynorsk-kommune

Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) hadde med seg rektor på Manger skule, då han fekk prisen for Årets nynorskkommune av kommunalministeren.

Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) hadde med seg rektor på Manger skule, då han fekk prisen for Årets nynorskkommune av kommunalministeren. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Radøy-ordførar Jon Askeland fekk kake og gav kommunalministeren eit eksemplar av kommunens enkle målbruksplan, då han tok imot prisen for Årets nynorskkommune.

DEL

– Ein må gjera dialekt og nynorskbruken så enkel og naturleg som mogleg. Me har ein veldig enkel målbruksplan som ligg på nettsidene våre. Eg har ikkje trua på slike voldsame kommunale planar og mykje styr, sa Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) då han i dag fekk overrekt prisen for Årets nynorskkommune.

Det skriv Framtida.no

LES OGSÅ: – Openbart for å provosera

Nynorsk marknadsføring

Radøy i Hordaland har latt seg inspirere av sportsbygda Voss når det kjem til å marknadsføra seg med nynorsk og dialekt. Det har juryen merka seg.

– Nynorskprisen er ein viktig pris fordi nynorsk er eit kvardagsspråk for mange av Noregs innbyggjarar. Språk er viktig for identiteten og Radøy har vist at dei er stolte over nynorsken ved å bruka han aktivt i merkevarebygginga, sa kommunalminister Jan Tore Sanner då han overleverte prisen i Oslo tysdag.

Ordførar Askeland takka på vegne av dei kring 5000 innbyggjararane i kommunen.

Sjølv dedikerte han prisen til flinke medarbeidarar, spesielt på servicetorget, tilsette i barnehagar og skular, aktørar i næringslivet og eit aktivt Mållag, som mellom anna har gitt alle femteklassingane eit årsabonnement på Norsk barneblad.

LES OGSÅ: – De urinerer på Aasen

Bra på barn og unge

Radøy har mange tilflyttarar med bokmål som språkform, og nynorsken er dermed utsett for eit stort press i kommunen.

Det har dei mellom anna løyst med ein enkel målbruksplan og språkrettleiing av dei kommunalt tilsette i etterkant av internkursing i nynorsk.

Sjølv om dei ligg i randssona for nynorsken er ikkje målbyte eit problem i skulen.

Rektor på Manger skule, Inger Morken Ellingsen, var med ordføraren for å motta prisen. Dei skryter begge av Radøy sin nye ungdomskoordinator, som jobbar tett med ungdommane i kommunen.

Nyleg fekk Radøy prisen for Årets barne- og ungdomskommune.

Radøy kommune har lagt vekt på at ungdomskoordinatoren skal bruke nynorsk i all marknadsføring og informasjon mot dei unge. Det inneber ei nynorsk Facebook-side.

LES OGSÅ: – Åtak på nynorske barn og unge

Dialekttoleranse

Askeland meiner at dialektkampen er vunne landet over og at dagens ungdom er noko av nøkkelen til den store dialekttoleransen ein ser i Noreg i dag.

– Dagens ungdom har aldri vore meir veltilpassa og tolerante enn dei er i dag, rosar ordføraren.

Prisen for årets nynorskkommune har vorte delt ut sidan 2009.

I fjor var det Ørsta kunne smykka seg med tittelen.

I år var berre fem kommunar nominerte.

Juryen gav heidarleg omtale til Eid i Sogn og Fjordane og Vinje i Telemark. Begge kommunane utmerkar seg med å ha eit blømande nynorsk kulturliv.

Artikkeltags