«Det er deg vi er til for»

:FOTO: Morten Sæle

:FOTO: Morten Sæle

Artikkelen er over 3 år gammel

Trond Roger Nydal (33) tiltrådte mandag som ny redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland. Her er hans personlege brev til deg som lesar.

DEL

Kjære trufaste lesar, du er svært verdifull for oss, og det er deg vi er til for. Difor vil eg takka deg for at du les Avisa Nordhordland, anten du er fast heilårslesar, kjøper avisa i laussal, les oss på jobben, hjå kjentfolk eller på vår nettside nordhordland.no. Vi ønskjer deg med på laget i mange år framover!

Kjære gode annonsør, dine bidrag er heilt avgjerande for at vi kan laga all den journalistikken eit opplyst og velfungerande lokalsamfunn er avhengig av. Avisa Nordhordland ønskjer difor å bygga opp om det produktive næringslivet i regionen og vera ein attraktiv stad å annonsera, både på papir og i digitale kanalar.

LES OGSÅ: Redaktørskifte etter 16 år

Vi skal vera patriotiske på vegne av distriktet, ja, men vi skal også driva sakleg og kritisk journalistikk til innbyggjarane sitt beste. Det er filosofien som skal ligga til grunn for journalistikken vår.

Sjølv er eg 33 år, utdanna allmennlærar, kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane og har ti års fartstid som journalist i Bergensavisen og Sogn Avis. På privaten er eg forhåpentlegvis snart sambuar.

I tida som kjem gler eg meg til å bli kjent med eit nytt distrikt, mange fantastiske nordhordlendingar, nye gode kollegaer og viktigast av alt; laga solide og viktige saker i ein spennande vekstregion som strekk seg heilt frå spektakulære Sognefjorden og ned til vakre Bergen. I vårt dekningsdistrikt i mellom har vi heile sju kommunar. Fjell, kyst og fjord. Bygder, tettstadar og bygdebyar. Eit herleg distrikt med mykje liv og røre som vi i avisa skal dekka etter beste evne.

Gjennom moderne teknologi endrar mediekvardagen seg raskare enn nokon gong, og det må også Avisa Nordhordland tilpassa seg. Etter kvart vil du oppdaga endringar i papiravisa, på nordhordland.no og i sosiale medier, der vi skal bli meir synlege. Eg har stor tru på at desse endringane vil gje eit betre og meir heilheitleg produkt til deg som lesar og annonsør.

LES OGSÅ: Ny redaktør i Avisa Nordhordland

Har du tips eller meiningar, både om kva vi gjer bra og kva vi kan bli flinkare på, så ikkje nøl med å ta kontakt med meg eller andre tilsette i mediehuset. Meg når de på tlf. 488 91 138, epost trond.nydal@nordhordland.no og sjølvsagt på kontoret på Knarvik senter. Det er deg som lesar og annonsør vi er til for!

Til slutt oppfordrar eg alle abonnentar til å registrera seg som aID-brukar. Dette gjer du på nordhordland.no. Då får du tilgang til e-avisa allereie tirsdag og fredag kveld. Du får også dagleg tilgang til den nasjonale e-avisa Ekstra.

Beste helsing Trond Roger Nydal

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar

Artikkeltags