Frå lørdag 5. november overtar selskapet Kvikkas lørdagsdistribusjonen av norske aviser - også for delar av abonnentmassen til Avisa Nordhordland.

Overgangen kan medføre nokre innkøyringsproblem for enkelte abonnentar dei første lørdagane. Skulle du ikkje få lørdagsavisa di som normalt kan du lese heile papiravisa digitalt.

Abonnentane som blir berørt av omlegginga, blir informert direkte. Er du abonnent og har spørsmål kan du også kontakte vårt kundesenter mellom klokka 09-14 på telefon 56 35 55 55.

Bakgrunnen er at Posten frå januar 2016 blei underlagt ny Postlov som medfører at det ikkje lenger blir ombæring av post på lørdagar.

Er du abonnent og ikkje har skaffa deg digital tilgang for å lese plusstoff og eavis, kan du gjere det ved å registrere deg her.

Vi minner om alle fordelane du har som abonnent på Avisa Nordhordland:

  • To papirutgåver onsdag og lørdag.
  • Registrerer du deg digitalt har du tilgang til alt plusstoff og Eavisa.
  • Eavisa kan du lese allereie tirsdag og fredag kveld klokka 21.
  • Du har tilgang til den nasjonale Eavisa Rix, som kjem ut mandag-lørdag kvar veke.
  • Du kan dele abonnementet ditt med inntil fire familiemedlemmer i samme husstand.
  • Du blir først oppdatert på stort og smått gjennom heile veka.