Søndag kveld nekta tre utanlandske menn å betala for maten sin på Shell-stasjonen i Knarvik.

Dei oppførte seg etterkvart så truande mot betjeninga, at politiet vart tilkalla.

– Dei oppfører seg slik at betjeninga føler det truande, det er ubehagelig for dei, seier lensmann Einar Vatne.

Politiet fekk dei på andre tankar

Han seier at det er lov å reklamera for maten, men;

– Det handlar meir om måten det vert gjort på, seier han.

LES OGSÅ: Pølsebande herjar i Nordhordland

Nordhordland omtala banden i førre veke. Då hadde minst fire bensinstasjonar hatt besøk av dei. Dei utanlandske mennene, som opererer som handverkarar i distriktet, kjøper først maten. Så kjem dei tilbake, klagar og krev meir mat.

På Fosnøy bilsenter i Austrheim var gjengen innom tre gonger berre i løpet av førre søndag, fortalte butikksjef Sigurd Pedersen.

Den første som bad om erstatning, var i grunnen ganske hyggjeleg, sa han.

– Han sa at dersom han berre fekk tre nye pølser, så var det greitt. Men så kom de tilbake seinare på kvelden. Da var det to unge jenter på jobb, sa Pedersen.

Han fortel at mennene hadde påstått at pølsene hadde for mykje krydder og at de var blitt dårlege av dei. Jentene bak disken opplevde mennene som ubehagelege og trugande.

LES OGSÅ: Åtvarar mot useriøse aktørar

– De følte seg pressa til å gje erstatning. Vi har aldri hatt noko tull med pølsene våre, men ein vil jo vera serviceinnstilt. Så det dei gjorde var eigentleg veldig stygt, synest Pedersen.

Lensmann Vatne stadfestar at det er den same gjengen som var innom i Knarvik i helga.

– Me var i området, så me fekk gjengen til å setja kursen derifrå, seier han.

Irske arbeidarar

Han seier at det er snakk om irske arbeidarar som er her for å legga asfalt, måla hus og andre oppgåver. Førebels har ikkje politiet nok på dei til å ta affære.

– Me får sjå kva me gjer med dei. Me held på og jobba med det, men dei må gjera noko straffbart før me kan ta dei, seier han.

Lensmann Vatne oppmodar folk om å melda frå til politiet når dei møter på irane. Han seier at jobben dei gjer ikkje er god og truleg jobbar dei svart.

– Folk må læra seg å seia nei. Det viser seg at dei ikkje gjer eit skikkeleg arbeid, og då har du som kunde hjå dei ingen å klaga til. Kvar er firmaet? Kvar er adressa, spør han.

I tillegg kan du avsløra deg sjølv som kjøpar av svart arbeid, minnar han deg om

– Det er trasig at folk nyttar seg av dette, sluttar han.

LES OGSÅ: Utvist etter ulovleg steinlegging