Myrvollen blir assisterande fylkessekretær i Vestland Høgre

NY ROLLE: Ingvar Torsvik Myrvollen blir assisterande fylkessekretær i Vestland Høgre

NY ROLLE: Ingvar Torsvik Myrvollen blir assisterande fylkessekretær i Vestland Høgre Foto:

Av

Karsten Sprenger blir den første fylkessekretæren for Vestland Høgre. Han får med seg Ingvar Torsvik Myrvollen i rolla som assisterande fylkessekretær.

DEL

(Firdaposten): Karsten Sprenger (38) er tilsett som fylkessekretær for Vestland Høgre. Det skriv partiet i ein pressemelding. Sprenger kjem frå stillinga som fylkessekretær i Hordaland Høyre, er busett i Åsane/Berge, har sambuar og eitt barn. Sprenger har jobba for Høgre sidan 2012 og har tidigare m.a. vore organisasjonssekretær for Hordaland Høyre, rådgjevar for FN og i Europaparlamentet. Kontoradressa for han blir som før ved fylkeskontoret i Bergen.

Med seg i organisasjonen får han Ingvar Torsvik Myrvollen (50), som er tilsett som assisterande fylkessekretær. Han er eit kjent namn for Firdapostens lesarar, busett i Eikefjord som han er. Han kjem frå stillinga som fylkessekretær for Sogn og Fjordane Høgre, er gift og har tre barn. Myrvollen har jobba for Høgre sidan 2006 og har tidlegare vore m.a. informasjonsrådgjevar i Norges Forsvarsforening, dagleg leiar i Kongsberg handelsstand, pleieassistent ved sjukeheim og hovudtillitsvald for soldatane i Luftforsvaret.

– Eg er kjempeklar for full innsats. Kommune- og fylkestingsvalet ventar i 2019. Dette blir bra, seier Myrvollen entusiastisk.

Dei to fylkessekretærane skal ikkje dele kontor. Myrvollen skal som før ha sin kontoradresse i Førde, ved avdelingskontoret der det tidlegare fylksessekretariatet heldt til.

Hordaland Høyre samt Sogn og Fjordane Høgre er slått saman til Vestland Høgre. Dette vart vedteke på felles ekstraordinært fylkesårsmøte i Bergen 10.11.2018. Sprenger og Myrvollen skal såleis jobbe innan heile det nye fylket Vestland. Dette blir Høgre sitt 3. største fylke i folketal (etter Viken og Oslo).

NY SJEF: Karsten Sprenger er den nye fylkessekretæren i Vestland Høgre

NY SJEF: Karsten Sprenger er den nye fylkessekretæren i Vestland Høgre Foto:

Artikkeltags