Lindås gir 750.000 kroner til Industriutvikling Vest

Vedtaket i formannskapet vart gjort i tråd med tilråding frå rådmann, Ørjan Raknes Forthun. Foto: Eline Kirkebø
I formannskapsmøte i Lindås torsdag 24.november vart det vedtatt at kommunen vil halde fram med å støtte Industriutvikling Vest økonomisk.
I eit samrøystes vedtak gjekk dei for rådmannen si tilråding om å gje stønad frå næringsfondet til drift pålydande 150.000 kroner årleg, totalt 750.000 kroner i perioden 2017 – 2021.
LES OGSÅ: Industriutvikling Vest tar i bruk nye metodar for å skaffe pengar
– Vi gir økonomsik stønad, og får arbeidsplassar attende, så dette er ei veldig god nærinssak å vere med på, sa ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).
Austrheim har no vedteke å ikkje vidareføra tilskota for neste periode. Radøy kommune på si side vel å gå inn med tilskot for neste periode.