Ordføraren ikkje informert om deponiplanar

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal er meir tilhengjar av båtar enn avfallsdeponi i kommunen sin. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal er meir tilhengjar av båtar enn avfallsdeponi i kommunen sin. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Artikkelen er over 4 år gammel

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal las om deponiplanane i kommunen i media.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

I går vart det kjent at Gulen står på ei liste over aktuelle stadar som kan få eit nytt nasjonalt deponi for uorganisk avfall.

Det var også ei overraskande nyheit for ordføraren i kommunen.

– Dette er heilt nytt for meg. Eg har sett lista, som er ei opplisting over plassar som kan vera aktuelle, seier Hallvard Oppedal til Avisa Nordhordland.

Du som ordførar er altså ikkje informert?

– Nei, ikkje som eg har sett. Det kan vera at det har kome inn informasjon til kommunen om dette, men eg såg det på nett hos dykk, svarar Oppedal.

Tviler på kapasiteten

Det eksisterer allereie eit avfallsdeponi i Sløvåg i Gulen.

Dagens deponi har eksistert sidan begynnelsen av 2000-tallet og tek seg av lågradioaktivt avfall frå oljeindustrien. Avfallet har stått lagra i tønner på land. Anlegget har i dag konsesjon for å ta i mot 1500 tonn i året.

Årsaka til at det blir sett på nye deponistadar er at deponiet for farlig uorganisk avfall på Langøya i Re kommune i Vestfold er i ferd med å bli fullt. Miljødirektoratet fekk difor i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å utgreia kvar eit nytt nasjonalt bør liggja.

– Det eg veit er sagt i Sløvåg tidlegare, er at det gjerne ikkje er kapasitet nok til å ta «heile greia». Eg trur ikkje dei har kjempa så hardt for dette, seier ordførar Oppedal.

Ikkje fan av deponi

– Er avfallsdeponi noko ein som ordførar ønskjer i kommunen sin?

– Hehe, nei, det gjer ein ikkje, men ein skal vera klar over at deponiet i Sløvåg er godkjent for lagring av radioaktivt materiale på sikker måte, understrekar Oppedal.  

Han inntek difor ei avventande haldning til lista som er ute. 

– Eg vil ikkje dramatisere det som ligg i dette i dag, men om det blir store mengder kan det bli meir kritisk, seier han.

Forventar meir informasjon

Ifølgje Teknisk Ukeblad, som først skreiv om saka, skal Norges geologiske undersøkelse (NGU) sjå på dei tolv aktuelle stadane og laga ein rapport til Miljødirektoratet. Her skal geologien på kvar enkelt stad vurderast.

Ordførar Oppedal forventar informasjon om planane for Gulen blir konkrete.

– Ja, i hvert fall dersom det blir aktuelt. No var dette ei opplisting over aktuelle stadar. Det er ikkje alle som oppfyller kriteria, så det er ikkje sikkert det vert så aktuelt, kommenterer han. 

Artikkeltags