Kan få deponi for farleg avfall

Sløvåg i Gulen er eitt av dei 12 anlegga på lista til Miljødirektoratet over kvar det nye nasjonale deponiet for farleg uaorganisk avfall kan ligge.

Sløvåg i Gulen er eitt av dei 12 anlegga på lista til Miljødirektoratet over kvar det nye nasjonale deponiet for farleg uaorganisk avfall kan ligge. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Gulen er på liste over stadar som kan få deponi for farleg avfall.

DEL

12 gruver og pukkverk i landet står no på Miljødirektoratet si liste over kvar eit nytt nasjonalt deponi for farleg uorganisk avfall kan koma, melder Firda.

Sløvåg i Gulen er ein av desse, skriv Teknisk Ukeblad på sine nettsider (sjå fullstendig liste i faktaboks).

Årsaka til at det blir sett på nye deponistader er at deponiet for farlig uorganisk avfall på Langøya i Re kommune i Vestfold er i ferd med å bli fullt. Miljødirektoratet fekk difor i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å utgreie kvar eit nytt nasjonalt bør ligge.

LES OGSÅ: Fryktar radioaktiv omdømmekatastrofe

Kravliste

For å bli landets nye nasjonale deponi, har Miljødirektoratet sett opp eit knippe kriterium.

Til dømes må verksemda i gruva / pukkverket vere avvikla seinast 2020. Staden må også ligge relativt nært ei hamn som kan ta imot middels store lastebåtar. Fins ikkje ei slik hamn, må det vere moglegheit for å byggje den på staden.

Staden må vidare ha eit oppfyllingsvolum som kan romme drift i minst 20 år, som vil seie ein storleik på 10 millionar kubikkmeter, skriv Teknisk Ukeblad.

Deponiet skal også helst ligge under grunnvasstand, og bestå av bergartar med avgrensa sprekkdanning og inntrenging av vatn.

LES OGSÅ: Krev radioaktiv lagring på land 

Blir vurdert

Miljødirektoratet er klare på at alle gruvene og pukkverka på lista ikkje oppfyller alle kriteria.

Til dømes er nokre for små, og andre har full drift. Det blir samstundes opna for at det fins stader der avfallsdeponeringa og dagleg drift kan pågå parallelt.

Norges geologiske undersøkelse (NGU) skal vidare lage ein rapport der dei blant anna skal vurdere geologien på kvar enkelt stad, og om bergartane er egna som barriere.

Lista:

Dalen/Kjørholt i Brevik i Porsgrunn i Telemark

Tellnes i Sokndal i Rogaland

Rekefjord Øst i Sokndal i Rogaland

Berakvam i Suldal i Rogaland

Vigsnes i Karmøy i Rogaland

Stordø i Stord i Hordaland

Sløvåg i Gulen i Sogn og Fjordane

Sætrefjellet i Bremanger i Sogn og Fjordane

Rødsand i Nesset i Møre og Romsdal

Sjøflot/Glærum i Surnadal i Møre og Romsdal

Fosdalen i Værran i Nord-Trøndelag

Akselberg i Brønnøy i Nordland

Artikkeltags