Høgre vil freda tannklinikkane – I allefall i eit år til

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Vil at den nye storkommunen skal avgjera skjebnen til tannklinikkane.

DEL

– Me i Høgre seier nei til fylkesrådmannen sitt forslag, seier Nils Marton Aadland til avisa Nordhordland.

Som avisa Nordhordland skreiv om i byrjinga av februar har fylkesrådmannen i Hordaland laga ein klinikkstrukturplan for tannhelsetenesta. Dersom innstillinga får politikarane sin aksept, vil folk i Nordhordland mista heile fem tannklinikkar.

Desse klinikkane vil bli nedlagde:

* Fedje tannklinikk

* Masfjorden tannklinikk

* Modalen tannklinikk

* Frekhaug tannklinikk

* Manger tannklinikk

Klinikkane i Masfjorden, Modalen og på Fedje vil bli lagt ned allereie i 2016. Folket her må då velja mellom tannklinikkane på Lindås eller i Knarvik.

LES OGSÅ: «Å bruka ein heil dag i bil og på ferjer for å gå til tannlegen verkar meiningslaust i 2016»

– Feil av fylkeskommunen

– Me i Høgre meiner det er feil at fylkeskommunen bygger ned klinikkane på eit område som kommunane truleg skal få ansvar for i nær framtid, seier Aadland til avisa Nordhordland.

Han viser mellom anna til at fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen, beståande av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner at tannhelsetenesta bør overlatast til kommunane.

– Kommunane vert større og får meir ansvar og meir sjølvstyre. Det er i tråd med kommunereforma, seier han.

Nils Marton Aadland (H).

Nils Marton Aadland (H). Foto:

Det Høgre på fylkestinget no vil er å freda tannklinikkane til 2017 når ny kommunestruktur er klar og kva oppgåver kommunane skal ha.

– Er ikkje dette å berre utsetta avgjerda eit år?

– Nei, det er det ikkje. Me seier me må venta på kva som skjer med kommunereforma. Og det er jo alt vedtatt at tannhelsa skal over til kommunane, seier Aadland.

Posisjonspartia på Fylket er på si side langt frå så tydelege i språket. Fylkesutvalet er samla på Stord, onsdag og torsdag denne veka. Der samlar Kårbø alle gruppeleiarane for å få til ei brei einigheit om temaet.

– Me sit og diskuterer dette no, seier varaordførar Pål Kårbø (KrF) til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Kraftige reaksjonar mot nedleggingsforslag

KrF er tause

Han seier dei vil ha ein heilskapleg diskusjon om temaet.

– Difor vil eg ikkje gå inn og seia kva KrF tenker om dette, seier han.

Han seier dei ikkje vil komma i mål denne veka, og alt har avtalt å møtast måndag 29. februar for vidare diskusjonar. Dei diskuterer seg gjennom region for region og kva konsekvensar reforma skal få.

Men han legg ikkje skjul på at storleiken på eit helsehus i Knarvik vil få konsekvensar for tannhelsetilbodet i Nordhordland.

Pål Kårbø.

Pål Kårbø. Foto:

– Me er nøydd å ta diskusjonen, for den heng saman med dimensjoneringa på helsehuset. Bygger me gode tenester der, vil det få konsekvensar for tilbodet ute, seier han.

Sveinung Valle (Ap) seier det er viktig for dei som politikarar å ta eit overordna ansvar for å finna den best moglege strukturen over tid.

LES OGSÅ: Gir gass for å redda tannklinikken

Kan gå ut over helsehuset

– Dette er og ei gammal sak i fylket som me har behov for å landa. Tannlegane som jobbar i systemet treng og ei avklaring på dette, seier han.

– Kva tenkjer du om saka?

– Det er ei sentralisering som fylkesrådmannen legg opp til. I Nordhordland har me ei spesiell utfordring der det er lagt opp til ein stor klinikk i det nye helsehuset med tolv behandlingsrom. Då kan ein ikkje ha klinikkar både på Frekhaug og Manger, samt ha eit opplegg for både Masfjorden og Fedje, seier han.

Ein konsekvens kan vera at dei må redusera ambisjonane for eit helsehus i Knarvik.

– Men desse diskusjonane har me ikkje landa enno, understrekar han.

Sveinung Valle

Sveinung Valle

Valle seier engasjementet blant nordhordlendingane i stort.

– Det er utan der me får mest innspel frå. Bergensområdet til dømes, er det heilt stilt frå, sluttar han.

LES OGSÅ: Fem tannklinikkar i Nordhordland kan bli nedlagde

Artikkeltags