Han ønskjer å stoppe alkoholforbodet på festivalcampar

MØTE: Justisminister Per-Willy Amundsen og helseminister Bent Høie skal diskutere alkoholforbodet på festivalcampar.

MØTE: Justisminister Per-Willy Amundsen og helseminister Bent Høie skal diskutere alkoholforbodet på festivalcampar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) har kalla helseministeren inn til eit møte i etterkant av at politidirektoratet la ned forbod mot alkohol på festivalcampar.

DEL

– Eg ønsker ikkje å hindre at folk hygger seg med alkohol, seier Per-Willy Amundsen i eit skriftleg svar til Stortinget, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Også Trine Skei Grande, leiar i Venstre, har skrive eit brev til justisministeren der ho spør kva han tenkjer om saka.

I svaret til Amundsen kjem det fram at bakgrunnen for politiet si tolking er at helsedirektoratet har slått fast at alle tilstellingar som er opne for folk, må ha alkoholløyving om folk skal drikke der.

I svaret til Grande forklarer justisministeren at han har kalla inn helseminister Bent Høie til eit møte for å finne ut av saka, skriv NRK.

– På den måten håpar eg vi i fellesskap kan sikre at ulike festivalar og arrangement blir haldne utan unødvendige inngrep.

Artikkeltags