Sju firma konkurrerer om å utvikle Eivindvik

Planane for Eivindvik er i ferd med å ta form.

Planane for Eivindvik er i ferd med å ta form. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Eivindvik skal få eit løft som kommunesenter i Gulen. No er prosessen i gang.

DEL

Gulen komune har sett seg som mål å gjere Eivindvik til ein meir triveleg og funksjonell tettstad. Som eit ledd i dette prosjektet har kommunen lyst ut ein tilbodskonkurranse om konsulenttenester for utarbeiding av forprosjekt for sentrumstiltak i Eivindvik. Gulen kommune vil kjøpe konsulenttenester for konkretisering og detaljplanlegging av nye løysingar for utforming av sentrumsområdet.

Totalt har sju konsulentfirma vist interesse for jobben, men prislappen varierer veldig. Det billegaste tilbodet er på 248.000 kroner, medan det dyraste er på 1,04 millionar kroner.

Desse har levert tilbud

Selskap Tilbodssum
Norconsult AS 459.750
Fortunen AS 533.600
Multiconsult Norge AS 338.300
ABO Plan & Arkitekter AS 248.160
Smedvig Landskapsarkitekter AS 248.000
iVest Consult AS 300.000
Arkitektgruppen Cubus AS 1.044.175

 

Vil ha todelt sentrum

Prosjektet kommunen ber konsulentane greie ut, er fleirsidig. I hovudsak skal konsulentane utarbeide ein rapport med forslag til tiltak som er i tråd med tettstadanalysen som vart utarbeidd for Eivindvik i 2008. I tillegg skal dei ta omsyn til kommeplanens arealdel og avlaupsplan.

Planen skal mellom anna innehlade:

  • Styrking av to sentrum i Eivindvik. Kaia utanfor butikken skal utviklast vidare som ein møteplass for handel, medan Prestekaia ved biblioteket skal styrkast som ein møteplass for kultur.
  • Fornying av kloakkanlegget i Eivindvik
  • Bygging av ny gangveg som kan bidra til å understreke dei andre kvalitetane ved Eivindvik.

Artikkeltags