Høgre og Frp einige om samarbeid: Herøy held fram som Fedje-ordførar

Stian Herøy (H) får fire nye år i ordførarstolen i Fedje kommune. Det er klart etter at Høgre og Frp torsdag kveld vart einige om eit samarbeid med Herøy som ordførar og Bjørn Kåre Solbakk (Frp) som varaordførar.