Politiet: – Me har ikkje godt nok samband i dei lengste tunnelane

Det utbrente vraket av lastebilen som mandag forårsaket brannen i Gudvangtunnelen, fotografert av brannsjef Arvid Gilje i Aurland brannvesen. Tunnelen har fått store skader og forventes å være stengt i noen tid framover.

Det utbrente vraket av lastebilen som mandag forårsaket brannen i Gudvangtunnelen, fotografert av brannsjef Arvid Gilje i Aurland brannvesen. Tunnelen har fått store skader og forventes å være stengt i noen tid framover. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Politiet i Nordhordland innrømmer at dei ikkje har godt nok samband til å takla ein tunnelbrann i dei lengste tunnelane på E39.

DEL

Per i dag er det 20 tunnelar mellom Oppedal og Knarvik med ei samla lengd på over 21,2 kilometer.

– Tunnelbrannar er noko me tenkje på og må vera rusta mot, seier Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor til avisa Nordhordland.

– Farepotensiale i tunnelane

Denne veka byrja eit vogntog å brenna i Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Ingen ekstra midler til nødnett

Heile 77 personar måtte evakuerast ut av tunnelen på grunn av dei enorme røykmengdene, og onsdag ligg framleis fire personar på sjukehus med alvorlege skader.

– Det er eit farepotensiale i tunnelane våre, særleg dei lange, seier Vangberg.

Fire av tunnelane på strekka er over 1,5 kilometer lange. Dei to lengste er Masfjordtunnelen og Eikefettunnelen på høvesvis 4,1 og 4,9 kilometer kvar.

Under brannen i Gudvangatunnelen melder NRK at brannvesenet måtte bruka mobiltelefonar og walkietalkie under redningsarbeidet, og mangelen på naudsamband gjorde redningsarbeidet vanskelegare.

Til neste haust vert det nye naudsambandet innført på Vestlandet. Men dei fleste tunnelane i Nordhordland vil ikkje nyta godt av det, då trafikken er for liten gjennom dei.

LES OGSÅ: Fire alvorlig skadd

For å få på plass naudnett må tunnelane vera lenger enn 500 meter og ha ein trafikk på meir enn 4000 køyretøy i døgeret, kjend som årsdøgnstrafikk (ådt).

Eikefettunnelen har 2000 i ådt og Masfjordtunnelen 1820.

* Her kan du sjå lista over tunnelar med ådt mindre enn 5000

Men tunnelar som alt i dag har samband for naudetatane vil og få det nye naudnettet. Vert det bygd nye tunnelar over 500 meter, får dei automatisk det nye naudnettet.

– Ein skandale

– Eg synest det på vegner av staten Noreg er ei skandale, seier brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen og Masfjorden om dekninga til det nye naudnettet til NRK.

– Vår innsats er faktisk utelukka i gitte situasjonar, seier brannsjef Sigvald Kvinge.

Konstituert lensmann ved Nordhorldand lensmannsdistrikt Kjell Idar Vangberg seier at det ikkje nødvendigvis vert veldig mykje betre når det nye naudnettet kjem på plass.

LES OGSÅ: – Takk for livet!

– Eg heng meg ikkje på den kritikken. Kommunikasjon i tunnel er alltid vanskeleg uavhengig av sambandet, på grunn av at det er så mørkt er det vanskeleg å få kontakt med kvarandre uansett, seier han til avisa Nordhordland.

– Dessutan kan berre enkelte gå inn med verneutstyr. Det gjer at sjølve arbeidet med ulykker i tunnelar vert vanskeleg uansett, peikar han på.

– Men dess betre samband me har, dess tryggare er ein, understrekar han.

Skeptisk brannsjef

Brannsjef i Lindås og Meland, Gjert Holtan seier at mangelen på snunisjer er mellom dei største utfordringane dei har.

– Kjem du med buss eller campingvogn, får du gjerne ikkje snudd og må gå mange kilometer, peikar han på.

LES OGSÅ: Nødsambandet sviktet

Under brannen i Gudvangatunnelen måtte enkelte gå så langt som åtte kilometer for å komma seg i tryggleik.

– Men krava til nye tunnelar er at dei skal ha snulommer?

– Men kva hjelper det på dei tunnelane som er bygd på tidlegare krav, spør Holtan?

Eikefettunnelen på nesten fem kilometer skal verta lenger og forlengast opp til Romarheim. På Nasjonal transportplan er det sett av 1,33 milliardar kroner til bygging av lenger tunnel.

– Den gamle tunnelen må gjerast like sikker som den nye delen. Ei kjeda er ikkje sterkare enn det svakaste leddet, seier Holtan.

Han seier at klok av skade er han ein skeptikar.

– Eg hugsar når eg byrja som brannsjef. Då stod det i lokalavisa at «Holtan set ned foten for Eikefettunnelen». Og sian har me jobba med den, og det er no over ti år sidan peikar han på.

LES OGSÅ: Reddet seks personer på vei ut av tunnelen

Artikkeltags