Avisa Nordhordland får statfesta hjå politiet at saka mot eit foreldrepar truleg vert lagt vekk. Skadene som den 15 månadar gamle jenta hadde, skal skuldast eit spesielt sjukdomstilfelle.

Det kjem fram i ein sakkunnigrapport som Nordhordland tingrett har bestilt.

Framleis sikta

– Det er snakk om eit spesielt sjukdomstilfelle, men me har reagert på dei opplysningane me har fått, seier politiadvokat Janne Heltne til avisa Nordhordland, om kvifor dei valde å arrestera foreldreparet i oktober.

Formelt sett har foreldreparet framleis status som sikta, men dei er informert om konklusjonane som vil komma i rapporten.

Når rapporten kjem, vil politiet skriva ei innstilling, som vert sendt til Statsadvokaten. Det er dei som tek ei endeleg og formell avgjersle om saka vert lagt vekk eller ikkje.

Rapporten skal og innom Den rettsmedisinske kommisjon for godkjenning.

Det var i byrjinga av oktober det vart kjent at eit foreldrepar frå ein kommune i Nordhordland hadde vorte pågrepet av politiet, mistenkte for overgrep mot ei 15 månadar gammal jente.

Barnehagen slo alarm

Det var tilsette i barnehagen som slo alarm, då dei oppdaga skader i underlivet på babyen.

Begge foreldra har heile tida nekta straffskuld, og mora vart slept fri etter to avhøyr, medan faren vart fengsla i tre veker, sikta for seksuell omgang med born under 14 år. Tre veker seinare vart han slept frå frå varetekt.

Advokat Jan Bakke er forsvarar for faren i saka, han vil ikkje gå nærare inn i saka og kommentera den før den endelege henlegginga frå Statsadvokaten ligg føre.

– Men i utgangspunktet var det ei alvorleg sak, men min klient har aldri erkjent noko straffskuld i saka. Når ein ser på saka no, så har han sine ord i behald, seier Bakke.

Det har førebels ikkje lukkast avisa Nordhordland å få ein kommentar frå kvinnas forsvarar i saka.