Rykte ut til rykande lastebil

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Laurdag morgon kring klokka ni fekk eit vogntog problem mellom Eikefettunnelen og Ostereidet i Lindås.

Det var røyk frå eit hjul, og brannvesenet sitt varmekamera målte temperaturen til kring 350 grader celsius.

Nærare undersøking viste at det var navet på drivakslingen som fekk varmgang. Det tok ikkje fyr i bilen, og trafikale problem var raskt løyst på staden.

Artikkeltags