Ulovleg fyrverkeri skapar store problem for dyreeigarar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Nokon av dei som får store problem når fyrverkeri vert skote opp utan varsel og utanfor lovleg tidsrom, er dyreeigarar. Det har nokre hesteeigarar på Ostereidet fått merke.

Ifølge Politiets operasjonssentral vart det skote opp fyrverkeri i nærleiken av hestar ved Bjørsviktunnelen, og eigarane kontakta politiet i frykt for at fyrverkeriet skulle skremme hestane langt til skogs.

Eigarane lukkast ikkje i å få kontakt med dei som skaut opp, og politiet hadde ikkje kapasitet til å rykke ut, så truleg slapp dei unna med det utan konsekvensar.

Opp til 20.000 kroner

Det same er truleg tilfelle for dei som skaut opp fyrverkeri i Bjørnestadvegen på Frekhaug. Der vart det meldt om fyrverkeri laurdag kveld.

Heller ikkje her hadde politiet høve til å rykke ut, så konsekvensane let vente på seg. Det betyr ikkje at det ikkje er straffbart å bryte reglane for fyrverkeri. Det kan tvert om verte kostbart.

Nyttårsaftan er det lov å skyte opp fyrverkeri mellom kl. 18 og 02. All oppskyting utanfor dette kan resultere i bøter på 5000-20.000 kroner, avhengig av alvorsgrad.

Artikkeltags