Mann pågripen etter øksekasting på Breistein

Politiet har sett ein mann i arresten laurdag morgon.

DEL

(BA): Politiet melder laurdag morgen på Twitter at ein mann er pågripen av politiet etter å ha kome med verbale truslar mot ein nabo og kasta ei øks i husveggen til naboen.

Hendinga har skjedd på Breistein i Åsane.

– Dette er to kjenningar av politiet som har barka i hop. Mistenkte, ein mann i 60-åra, har oppsøkt fornærma heime. Dei har ein uoverensstemmelse. Fornærma er ein mann i 40-åra, og han blei utsett for verbale truslar og slått av mistenkte, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Politiet fekk melding om hendinga rundt klokka 07.30. Dei væpna seg og køyrde til Breistein.

– Den mistenkte forlot leilegheita og kasta ei øks i husveggen før han tok seg frå staden. Øksa hadde ikkje blitt brukt til å true fornæra, og den blei ikkje sitjande fast i husveggen, sier Rebnord.

Mannen i 60-åra blei pågripen cirka klokka 08.00 i nærleiken av Horisont kjøpesenter i Åsane.

– Han er sett i arresten. Begge vil bli avhøyrde, seier Rebnord.

Ingen blei skadd i hendinga.




Artikkeltags