Mann mistenkt for promillekøyring seint fredag kveld

Ein mann i 40-åra vart stoppa av politiet grunna mistanke om promillekøyring fredag kveld.

DEL

Mannen vart stoppa i Lindås kommune fredag kveld klokka 23.09. Det melder Vest politidistrikt på twitter.

Det er ikkje opplyst nøyaktig kvar han vart stoppa.

Politiet hadde mistanke om alkoholrus og tok med mannen til legevakt for blodprøve.

Det har ikkje lykkast Avisa Nordhordland å komme i kontakt med politiet sin operasjonssentral i Bergen laurdag formiddag for ytterlegare opplysningar om denne saka.

Artikkeltags