Gasslekkasje på Mongstad - over hundre personar vart evakuert

Naudetatane er på staden.

DEL

(BA): – Vi fekk melding om ein gasslekkasje klokka 17.50 og sende store ressurser mot staden. No har vi avbrote dei fleste av dei, men køyrer ein patrulje fram for å få ei oversikt over kva som har skjedd. Det blei iverksatt evakuering, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen klokka 18.30.

Litt over 100 arbeidarar måtte forlate området då alarmen gjekk, ifølge Equinors pressetalsperson, Morten Eek.

– I tråd med prosedyrane blei det som var på anlegget evakuert, bortsett frå dei som skulle stenge lekkasjen og har beredskapsoppgåver, seier Eek.

Rundt ein time seinare var mannskap i ferd med å få kontroll på lekkasjen. Ingen personar skal vere skadd, ifølge politiet.

Det var beredskapsleiar på Mongstad som melde frå om lekkasjen.

– Det er snakk om ei blanding av butan og propan som har leket ut. Dette er eksplosiv gass. Vi veit ikkje kor mykje som har leke ut, seier vaktkommandør Tore Fanebust ved 110-sentralen til BA.

Det lokale brannvernet ved Mongstad har fått ned trykket på anlegget og stengt av gassrøyra for å stoppe lekkasjen. Det blir også spylt med vatn for å hindre antenning av gassen.

– Mongstad har gode rutinar når slike ting skjer.

Lekkasjen er imidlertid ikkje stoppa enno. Årsaka er heller ikkje klar enno.

– Det vil vi undersøke etter kvart, sier Eek.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags