Nye Vestlandet får eige dyrepoliti

Peter Christian Frølich (H), Helge Andre Njåstad (FrP) og Sondre Hansmark (V) kalte inn til pressekonferanse sammen med hunden Selma torsdag ettermiddag. Temaet var opprettelsen av dyrepoliti på Vestlandet.

Peter Christian Frølich (H), Helge Andre Njåstad (FrP) og Sondre Hansmark (V) kalte inn til pressekonferanse sammen med hunden Selma torsdag ettermiddag. Temaet var opprettelsen av dyrepoliti på Vestlandet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Stortinget har bestemt seg for å plassere eit nytt dyrepoliti i Vest politidistrikt.

DEL

Sogn og Fjordane og Hordaland får eige dyrepoliti. Det vart kjent under pressekonferansen som Høgre, Framstegspartiet og Venstre kalla inn til torsdag ettermiddag, skriv BA.

– Vi er blitt einige om eit godt budsjett, som også Kristeleg Folkeparti er ein del av, sa Helge André Njåstad (Frp) under pressekonferansen.

Han fortel at prøveordninga med dyrepoliti har blitt gjennomført med stor suksess, og at dei derfor ønsker å utvide ordninga med dyrepoliti.

Ordninga med dyrepoliti vart innført i Norge for første gang som ei forsøksordning i Sør-Trøndelag politidistrikt i 2015. Seinare har ordninga også komme til Rogaland og Østfold.

– Eit kvalitetsteikn

Peter Christian Frølich (H) fortalde om viktigheita av å få dyrepoliti.

– Å ha dyrepoliti er eit kvalitetsteikn som viser at Norge er eit godt land å bu i. Det er ein tett samanheng mellom dei som mishandlingar dyr og dei som også kan utøve vald mot menneske, seier Frølich.

Det vil bli øyremerkt pengar til nye stillingar ved Vest politidistrikt i løpet av 2018, og desse vil ikkje berre komme dyra til gode.

– Dette er jo politifolk, så dei vil også kunne brukast til andre politisaker, understrekar Frølich.

Millionauke

Han kan opplyse at det er snakk om eit par millionar kroners auke til dyrepoliti i dette statsbudsjettet.

– Eg meiner det er helt naturleg at ein rullar ut dette her i vest, der det er mest dyr i landet og mange driv med jordbruk. Samtidig er dette i ferd med å bli ei permanent ordning som vi håpar også vil komme fleire stader.

Ifølge Frølich måtte det likevel ein kamp til for å få dyrepolitiet hit.

– Det var eigentleg Finnmark som skulle få det, så dette har vore ein dragkamp i Stortinget ut i dei seine nattetimar.

Artikkeltags