Padlar Norgeskysten på langs

Artikkelen er over 8 år gammel

Tom Amundsen.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Brannmannen Tom Amundsen frå Stavanger har sett av fire månader til å padla Norgeskysten på langs. Onsdag passerte han Nordhordland.

- Her var det jammen utruleg fint, seier Tom Amundsen, medan han drar havkajakken opp langs stranda rett før kystfortet på Skjelanger lengst ute i Meland kommune.

Han har allereie vore i kajakken nokre timar, men tar seg ein pust i bakken før ferda går vidare mot det store målet, Oslo og sidan Strømstad.

Den heilt spesielle kajakkturen tok til 8. mai i Grense Jakobselv lengst oppe i Nord-Norge, og i over to månader har han no padla nedover langs Norskekysten.

Tre kviledagar har han unna seg undervegs, og åtte dagar har han lagt vêrfast. Utanom dette har det stort sett gått i padling.

- Ingen førtiårskrise

- Dei siste dagane har eg tatt litt ekstra i, for eg har avtale om å treffa ungane i Haugesund på lørdag. Snittet den siste vesle veka har lagt på 5,4 landmil per dag, fortel 46-åringen, som til dagleg jobbar som brannmann i Sør-Rogaland.

Bakgrunnen for den store eventyrferda frå Grense Jakobselv til Strømstad er ei bok av Jim Danielson. Han gjorde sjølv turen frå Grense Jakboselv til Soma i 1989, og etter å ha lese boka fann Amundsen ut at han også kunne tenka seg å prøva.

- Det er ikkje nokon førtiårskrise altså, for dette er noko eg har planlagt lenge. Eg gjekk halvanna år før eg torde å spørja om lov heime, men då sambuaren min var positiv, var det berre å halda fram med planlegginga, fortel han.

- Store naturopplevingar

Nå Nh møter han på Skjelanger har han mange, mange mil bak seg. Undervegs har han fått med seg store naturopplevingar, som er noko av det han set størst pris på her i verda.

Han har sett store fugleflokkar, sel og oter. Fugleegg har vorte til ungar på turen nedover langs kysten, der han i einsam majestet har kome heilt nær på den maritime naturen.

- Det har vore ei fantastisk reise så langt. Nokre nedturar vert det alltid, men det er helst når du må i land på grunn av vêret, og ikkje har mykje mat. Desse er likevel i klart mindretal, for i det store og heile har dette vore fantastisk, seier han.

- God trening

Amundsen har padla aktivt i seks år, men aldri slike distansar som det han no held på med. Han har tatt permisjon frå jobben for å fullføra draumereisa si, og ligg godt an i forhold til tidsskjemaet sitt på fire månader i kajakken.

Då han onsdag tok seg ein rast på Skjelanger, var det med eit stort glis om munnen. No har han nemleg kome så langt ned at han ser heimbyen Stavanger på GPS`en, noko som sjølvsagt er motiverande.

- No gler eg meg til å treffa ungane, seier 46-åringen, som har vorte i uforskamma god form i løpet av padleturen.

- Eg et det eg vil, og det har vorte mykje bacon. Likevel har eg gått ned ti kilo. Det er knallgod trening å padla, seier han med eit smil.

Du kan følgja resten av padleturen til Tom Amundsen på hans eigen blogg.

Artikkeltags