Det som byrja med at Lars Tore Kleivdal sykla Bergen-Voss for nokre år sidan, har ført til at kva femte av dei 75 tilsette i Radøygruppen i dag syklar fast til jobben. Trening og helse vert tatt på alvor i Radøy-bedrifta.

- Overvekt er eit stadig aukande problem i samfunnet vårt, og tala viser at dei overvektige vert stadig yngre. Vi ønskjer jo våre tilsette godt helse, og det er lenge sidan vi inngjekk bedriftsavtalar med treningsstudio i Knarvik og på Manger. Dei siste to åra har også sykkelbiten tatt heilt av, seier dagleg leiar ved Radøygruppen, Lasse Ståløy, til Nh.

I dag syklar 16 av dei 75 tilsette i bedrifta til jobb kvar dag. Dette er eit av dei grøne tiltaka bedrifta gjorde i samband med at dei for eit par år sidan vart sertifisert som Miljøfyrtårn.

Når Nordhordland Rundt går av stabelen om under ein månad, stiller Radøygruppen med eige lag beståande av ti syklistar.

Skuldar på Nh-reportasje

Skulda for at sykkelinteressa har tatt sånn av i bedrifta får fire på den tida unge kameratar som kjeda seg ein sommardag for ein del år tilbake.

- Det heile byrja faktisk med at eg las reportasjen i Nh om ”Tour de Nordhordland”, og såg bilde av karane ute på sykkeltur rundt Seim. Eg tenkte at ”det der skulle no eg også klart!”. Så berre balla det på seg. For tre-fire år sidan sykla eg Bergen-Voss, og så har fleire hengt seg på dei siste åra. I år er vi fire som syklar Bergen-Voss, og altså ti som syklar Nordhordland Rundt, fortel Lars Tore Kleivdal, primus motor for den stadig veksande, syklande gjengen på Radøygruppen.

Lasse Ståløy synest det er veldig kjekt at stadig fleire i bedrifta kastar seg på trim og trening.

- Det er ikkje alle som er interesserte, og sjølvsagt er det ingen tvang. Men tilbodet skal i alle fall vera der for dei som ønskjer. For oss er dette eit langsiktig prosjekt, som både gir betre helse og skapar eit godt miljø, seier Ståløy, som også sjølv har kasta seg på syklinga.

Store i kjeften

- Det er folk frå bedrifta ute og syklar saman så å seia kvar dag, og onsdag hadde vi ei fellesøkt rundt Nordhordland. Det gjekk sånn tåleleg bra, fortel Kleivdal, og understrekar samstundes at det er nokre karar i gjengen som er litt tøffare i trynet enn dei andre.

- Ein av karane driv litt høgare enn oss andre, og satsar på triatlon. Han har no vore ute og lova at dersom Stella Mwangi kjem blant topp-15 i Melodi Grand Prix skal han sykla naken over Nordhordlandsbrua utan sete, symja frå Flatøy, via Osterøy og til Steinestø og deretter springa opp på Veten. Så no gledar vi oss til Melodi Grand Prix og heiar tungt på Norge, gliser Kleivdal.

Ein annan Radøygruppen-syklist som allereie har fått svi for kjeften sin er Frode Gripsgård.

Saman med kameraten Tommy Lunde lova han å sykla heim til Austmarka frå påskeferie på Hovden, dersom 600 personar ønska det på Facebook.

Det gjorde dei sjølvsagt, og dei to måtte ut på ein ellevetimarstur som gjorde at Gripsgård berre så vidt rakk Brann-kampen på mandag.

Går for 400 mil

I fjor var det ni stykk i Radøy-bedrifta som sykla til jobben, og i år har altså ytterlegare sju kasta seg på bølja. Og talet på kilometer som vert lagt ned i løpet av eit år vert det ført grundig statistikk over.

- I fjor sykla ni stykk 280 mil, så i år må vi klara 400, seier Kleivdal, som også har klare ambisjonar for arbeidsplassen sin kva Nordhordland Rundt gjeld.

- Vi er påmeld i 2.55-feltet, og målet er å få heile gjengen inn på under tre timar. Det er eit friskt mål, men det kan gå, seier sykkelentusiasten.

Ståløy og Kleivdal legg ikkje skjul på at syklinga er den store snakkisen på kaien på Vetås, og den daglege leiaren håpar no fleire andre bedrifter i distriktet tar etter Radøygruppen.

- Så vidt eg veit er vi no den leiande sykkelbedrifta i Nordhordland, men vi vil gjerne ha fleire ut på vegen. Det er berre å hoppa i det, seier Ståløy.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her