Overgrepssikta far lauslatt

Artikkelen er over 6 år gammel

Saka er framleis under etterforsking.

DEL

– Det har vore tungt for han å sitja der, seier forsvararen hans, Jan Bakke til avisa Nordhordland.

Det var for tre veker sidan det vart kjent at ein far frå Nordhordland var sikta for overgrep mot si 15 månader gamle dotter. Det var barnehagetilsette som oppdaga skader i underlivet på jenta og meldte frå til politiet.

Ein lege har undersøkt barnet, og konkludert med at eit overgrep skal ha skjedd.

Sett fri

Faren vart deretter sikta i saka og sett i varetekt i tre veker med brev-, besøks- og medieforbod.

Også mora til barnet vart arrestert, men slept laus etter to avhøyr.

Denne veka vart altså faren slept fri frå varetekt.

– Det synest han er rett, seier Bakke, som legg til at hans klient ikkje har erkjent noko straffskuld i saka.

Opprettheld siktelsen

Politiadvokat Janne Ringstad Heltne stadfester at mannen er lauslatt, men at siktelsen mot han vil bli oppretthalden.

– Siktinga er oppretthalden, men vi vurderer saka slik at det ikkje lenger foreligg noko fare for at bevis skal gå tapt, seier ho. Og legg til at saka framleis er under etterforsking.

- Barnet er ivaretatt av barnevernet. Vi avventar også ein rettsoppnemnd sakkyndig sin uttale om skadane på barnet og kva som kan vera årsak til dei, seier Heltne til Nh.

Artikkeltags