Sverd frå jernalderen funne på Osterøy

Sverdet er rundt 65 cm og tr truleg frå folkevandringstida i eldre jernalder.

Sverdet er rundt 65 cm og tr truleg frå folkevandringstida i eldre jernalder. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sverdet er truleg meir enn 1500 år gammalt.

DEL

Det var Johnny Birkeland som fann sverdet, han fortel at det blei funnet i forbindelse med graving under husgrunnen til det gamle våningshuset på garden på slutten av 1970-talet, skriv BA.

– Metallet i sverdet er godt oppbevart, og må ha lege i rimeleg tørre og lufttette omgjevnader. Om ikkje dette er eit svært merkeleg tilfelle av heimesmiing på garden ein gong før gamlehuset blei reist, så kan sverdet vere svært gammalt, seier arkeolog Tore Slinning hos fylkeskonservatoren i ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune tysdag.

Mysterium

På noverande stadie i undersøkingane av sverdet, har dei funnet ut at den mest nærliggande parallellen i eit sverd, er funne i 1855 i ein gravhaug i Skåne i Sør-Sverige. Dette var eit sverd som blei tidfesta til omkring 450 e.Kr. av Oscar Montelius i 1874, står det vidare i pressemeldinga.

Birkelands sverd liknar altså på det svenske. Både i detaljar på sidene av sverdklinga og utforminga av overgangen mellom tangen (festet for handtaket) og bakre del av klinga.

Korleis sverdet kom til Osterøy og hamna i jorda på Birkeland for over 1500 år siden er eit mysterium.

– Ettersom sverdet ikkje lenger kan knyttast til ein bevart funnstad som for eksempel eit gravminne, kan ein berre underbygge forskninga med studie av sjølve gjenstanden og det ein kjenner til av liknande funn.

Tidlegare har det også blitt funne eit spesielt sjeldant sverd i nordisk samanheng, som ein reknar med er omkring 2500 år gammalt. Dette blei funne på Garden Halland.

Artikkeltags