Tidobla resultatet – gav alle tilsette ein bonus på 100.000 kroner

Far og son jobbar saman i oppdrettsselskapet Eide Fjordbruk AS som ligg i Eikelandsosen. Selskapet har fleire lokalitetar og tilsette i Nordhordland, og fekk eit eventyrleg resultat i 2016. No feirar dei med 100.000-bonusar.

Far og son jobbar saman i oppdrettsselskapet Eide Fjordbruk AS som ligg i Eikelandsosen. Selskapet har fleire lokalitetar og tilsette i Nordhordland, og fekk eit eventyrleg resultat i 2016. No feirar dei med 100.000-bonusar. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Eventyrlege resultat i oppdrettsnæringa gjer at dei tilsette hos Eide Fjordbruk kan smile bredt.

DEL

Oppdrettsselskapet Eide Fjordbruk As som held til Eikelandsosen i Fusa kommune, tidobla resultatet sitt i fjor, skriv Bergensavisen.

Ein del av overskotet har Eide Fjordbruk valt å gi ut som bonus til alle faste tilsette – på heile 100.000 kroner.

Selskapet har fem lokalitetar i Region Nordhordland: to lakselokalitetar i Fensfjorden, ein i Fedjeosen og to aurelokalitetar i Osterfjorden. Fleire nordhordlendingar er altså blant dei som får ein hyggeleg bonus.

Høgste omsetning nokosinne

Selskapet skriv i ei pressemelding at høge lakseprisar og flinke medarbeidarar er hovudårsakene til det gode resultatet.

Det var Dagens Næringsliv som først omtalte saka.

Høgare lakseprisar har gitt eventyrlege resultat for hele oppdrettsbransjen, men det er få som slår lønsemda til oppdrettarane i Fusa.

  • Omsetnaden meir enn dobla seg frå 210 millionar kroner til ein halv milliard kroner, det høgste nokosinne.
  • Resultatet før skatt blir tidobla til 221 millionar kroner. Og driftsmarginen, altså driftsresultatet målt i prosent av salet, er på heile 45 prosent.

Det er særleg den kraftige prisoppgangen på laks som bidrar til omsetningsveksten, skriv selskapet i årsrapporten.

Slaktevolumet til oppdrettsselskapet var relativt lågt i 2016, og det er forventa at dei blir dobla i 2017.

«Dei fire nye konsesjonane som selskapet fekk i 2016 gjer at selskapet går inn i 2017 med mykje høgare biomasse enn året før, noko ein reknar med vil resultere i stor vekst i slaktevolumet i 2017 samanlikna med 2016», skriv styret.

«Lenger fram i tid har selskapet utfordringar på grunn av manglande lokalitetar som trengst for å kunne utnytte løyvet vi har i dag», står det i pressemeldinga.

Saka held fram under bildet

Dagleg leiar Knut Frode Eide på Luren med produksjonsområda Skogseidvatnet og Hardangerfjorden i bakgrunnen.

Dagleg leiar Knut Frode Eide på Luren med produksjonsområda Skogseidvatnet og Hardangerfjorden i bakgrunnen. Foto:

Knallår med høge lakseprisar

Sidan lakseprisane framleis er høge, ligg det an til nok eit knallår for selskapet. Eide Fjordbruk er eit lite selskap i forhold til store konkurrentar som Marine Harvest og Lerøy Seafood. Bedrifta sel berre fisk i Norge, frå oppdrett av laks og aure i ni stader i Hardanger og Nordhordland.

Problem med lakselus og annan sjukdom har bidratt til redusert tilbod av fisk i marknaden, men betyr også auka kostnader til behandling.

«Kostnader knytt til kampen mot lakselus har også for Eide Fjordbruk ført til ein auke i produksjonskostnaden deo seinare åra. Styret reknar med at produksjonskostnadene vil halde seg høge også i 2017», skriv selskapet.

Eide Fjordbruk ønsker ikkje å kommentere resultatet utover årsmeldinga.

Artikkeltags