PSW Group har sikra ny treårig kontrakt

– PSW Group er stolt over at Odfjell Drilling sidan 2010 har vurdert PSW Group som ein verdifull partnar, seier Oddbjørn Haukøy, administrerande Direktør i PSW Group.

– PSW Group er stolt over at Odfjell Drilling sidan 2010 har vurdert PSW Group som ein verdifull partnar, seier Oddbjørn Haukøy, administrerande Direktør i PSW Group.

Artikkelen er over 2 år gammel

PSW Group har inngått ny kontrakt med Odfjell Drilling.

DEL

PSW Group har inngått ein kontrakt med Odfjell Drilling for vedlikehald av marin riser og subsea utstyr samt leveranse av offshore-tenester for alle selskapets boreeiningar. Avtalen har ei varigheit på tre år med to årlege opsjonar, opplyser PSW Group i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Kontrakten omfattar inspeksjon, vedlikehald og reparasjon (IMR) av marine stigerør og subsea utstyr, samt offshore-tenester som til dømes vedlikehald mellom brønnar (IBW) på selskapets boreeiningar. Arbeidet under kontrakten er starta som direkte vidareføring av tidlegare avtale med Odfjell Drilling.

– PSW Group er stolt over at Odfjell Drilling sidan 2010 har vurdert PSW Group som en verdifull partnar. Med den nye kontrakten vil PSW Group halde fram med å forsterke sin posisjon som landets leiande inspeksjons, vedlikehalds og reparasjons selskap for marine stigerør og relatert subsea-utstyr,  seier Oddbjørn Haukøy, administrerande Direktør i PSW Group i pressemeldinga.

PSW Group

PSW Group er eit konsern som leverer multidisipline tjenester mot olje- og energinæringa, både onshore og offshore

Konsernet er inndelt i følgende selskaper: PSW Technology, PSW Integrity, PSW Solutions og PSW Power & Automation. Gruppen har hovedkontor på Mongstad og fasilitetar på Ågotnes og i Liverpool (UK).

– For Odfjell Drilling som leiande aktør og eigar av ultra djupvassriggar for vêrharde operasjonar internasjonalt, er det veldig viktig at alt utstyr er vedlikehelde korrekt til kvar ein tid. Tildelingen av denne omfattande kontrakten samt fortsettelsen av det gode samarbeidet med PSW Group er ein viktig del i at våre riggar opererer med den kvaliteten som er forventa av våre kundar, seier Simen Lieungh, administrerande Direktør i Odfjell Drilling i same pressemelding.

Artikkeltags